![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/logo/result/0/logo_hf_48202.png)
Helsefagarbeidar 68%
- Arbeidsgiver
- Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar 68%
- Frist
- 02.03.2025
Beskrivelse
Hei, vi treng fleire helsefagarbeidarar og ønsker oss ein ansvarsbevisst kollega. Vi er ei lita avdeling med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.
I distriktet Ørskog, har vi ledig 68 % fast stilling som helsefagarbeidar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg. Med arbeid kvar 2.helg kan stillingsprosenten auke noko.
Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter.
Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter. Vi har eit tett samarbeid med Ørskog omsorgssenter.
Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.
I tenesten blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen.
Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, osv.
Ved evt. intern tilsetjing kan andre stillingsprosenter bli ledige.
Tiltreding frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Behandling og pleie av heimebuande brukarar, både i private heimar og bufellesskap
- Oppfølging av fagarbeidaroppgåver
- Samarbeid med øvrig helsepersonell og pårørande
- Handtere akutte situasjonar
- Primærkontaktoppgåver
- Forefallande arbeid i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Det stillas krav om norske språkferdigheter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
- Førarkort for personbil (manuell gir)
- Det stillast krav om gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg)
- Kan arbeide sjølvstendig og effektivt, både aleine og i team
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Vilje til å stå på
- Bidra til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for brukarane
- Du må vere strukturert og løysingsorientert
- Ha evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Erfaring frå likande arbeid vil vere ein fordel
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Godt, mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø
- Eit spanande arbeid med rom for fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande tariff
Kontaktinformasjon
Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, 950 65 938, maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.noLinn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Steinholtvegen 66240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4880883942
Stillingsprosent: 68%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2025
- Sted
- Steinholtvegen 6, 6240 Ørskog
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 378885930
- Sist endret
- 13. feb. 2025 12:22
Mer som dette
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/logo/result/0/logo_hf_48202.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2017/6/20/5/988/196/85_-2079787432.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2022/8/vertical-0/16/8/269/299/288_1993769108.jpg)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/1/vertical-0/31/9/391/542/339_e7afdcc4-fc77-4f57-99ec-f88cd98eb6bf.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/11/6/393/215/436_4f72bc5d-62ea-40d0-bf27-a34a2c773cf6.png)
Kom med på laget! Vi søkjer helsefagarbedar 75 % og 100% på somatisk langtidsavdeling!
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/5/vertical-0/15/2/353/176/482_cd23e900-cc59-4397-88ac-fbcafe360027.png)