Overlege i Fysikalsk medisin og rehabilitering
- Arbeidsgiver
- Poliklinikk fysikalsk medisin og nevropsykologi, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Overlege i Fysikalsk medisin og rehabilitering
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
ER DU SPESIALIST I FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING? HAR DU LYST Å JOBBE MED EIN SPENNANDE
OG INNHALDSRIK SPESIALITET I LAG MED TRIVELEGE KOLLEGAER, OG LÅG VAKTBELASTNING? LØP OG SØK!
Vi har ledig 2 faste stillinger som overlege med spesialitet innan fysikalsk medisin og rehabilitering frå snarast eller etter avtale.
Seksjonen inneheld:
- Sengepost med 20 rehabiliteringssenger, 2 rehabiliteringssenger på pasienthotell, ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før og etter innlegging
- Seksjonen har 7 overlegestillinger og 4 LIS stillinger
- Poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi, inklusiv "Helse i arbeid" tilbod
Ei stilling er for tida knytt til døgnpost, rehabiliteringspoliklinikk og ambulant teneste, mens den andre stillinga er knytt til fysikalsk medisinsk poliklinikk inkl. "Helse i arbeid" tilbod.
Ved rehabiliteringssengeposten gir vi spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket med traumatiske hjerneskader, hjerneslag, nevrologiske lidingar, ryggmargsskade, komplekse multitraumer og amputasjonar. Jobben vil innebere oppfølging av pasientar innlagt i sengeposten, rehabiliteringspoliklinikk og ambulante tenester i tett samarbeid med det tverrfaglege teamet. Vi søkjer engasjerte medarbeidarar som likar faglege utfordringar og aktivt kan bidra i å utvikle kvalitet på det tverrfaglege tilbodet. Det er todelt vaktordning med heimevakt 16-21 på kvardagar og 9-14 i helg, det er vaktfri på raude dagar i jul og påske!!!
Sjå og vår instagram konto: Fysmed_alesund_hmr. Vi håpar å høyre frå deg!
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Sengepostarbeid
- Poliklinisk arbeid
- Det er forventa at ein deltek i seksjonen si vaktordning: Heimevakt 16-21 på kvardagar og 9-14 i helg. Vaktfri på røde dager i jul og påske!
- Veiledning av LIS
Kvalifikasjonar
- Oppnådd spesialitet i fysikalsk medisin og rehabilitering
- Lege i spesialisering med relevant erfaring oppfordras òg til å søkje på stillinga
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
- Du har gode samarbeidsevner, og har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Gro Westnes Lindin, Assisterende seksjonsleiar, 70105730, Gro.Westnes.Lindin@helse-mr.noHanne Svejstrup Elde, Seksjonsleiar, +47 41248018, hanne.svejstrup.elde@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4878684379
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Lege, Helsepersonell, Lege / Overlege
- FINN-kode
- 378894451
- Sist endret
- 04. nov. 2024 02:05