Gruppeleiarstillingar (forskar I, kode 1110)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Group Leader Positions
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Michael Sars-senteret søker framifrå kandidatar som adresserer grunnleggande spørsmål innan molekylær, cellulær og organismisk biologi ved bruk av marine/akvatiske organismar. Forskingsprosjekt ved senteret dekker typisk eit breitt spekter av akademiske disiplinar inkludert cellulær og molekylær biologi, utviklingsbiologi, stamceller og regenerasjon, nevrobiologi, fysiologi og reproduksjonsbiologi, genomikk og evolusjon. Forskingsprosjekt som utnyttar kvantitative, genomiske og/eller systemtilnærmingar for å takle innovative og viktige problemstillingar innan marin livsvitskap, frå molekylære til populasjonsskalaer og/eller i grensesnittet mellom organismen og miljøet, blir oppmuntra.
Senteret har for tida 6 forskingsgrupper, med kvar sin gruppeleiar, og til saman om lag 12 forskarar, 11 postdoktorar, 9 ph.d.-stipendiatar, 20 teknisk og 6 administrative tilsette. Senteret tilbyr framifrå interne ressursar for forskinga (postdoktorar, ph.d.-studentar, teknikarar, laboratorieplass og prosjektspesifikke fasilitetar). Drifta ved senteret blir støtta av Universitetet i Bergen og av ein veksande portefølje av eksternt finansierte prosjekt.
Tilsette kandidatar vil bli tilbydd ein kontrakt som forskar med funksjon som gruppeleiar. Kandidaten vil bli evaluert i løpet av den første 6-årsperioden med moglegheit for 4 års forlenging basert på prestasjonar og tilgjengeleg finansiering ved evalueringstidspunktet.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Søkjar må ha oppnådd ein ph.d.-grad tilsvarande norsk ph.d.-grad.
- Evne til å lære opp og leie juniorforskarar og teknisk personale mot eit felles mål definert i gruppeleiarforslaget er eit krav.
- Evne til å utvikle samarbeid med andre forskingsgrupper både innanfor og utanfor senteret er eit krav.
- Evne til å bidra aktivt til det akademiske livet ved senteret og universitetet er eit krav.
- Gruppeleiarar ved senteret blir forventa samt støtta til å søke nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for eksterne tilskot.
- Ein god match med senterets forskingsportefølje og vitskaplege retning er fordelar.
- Søkjarar må ha framifrå ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.
Ved vurdering av kandidatane vil både kvaliteten og breidda av kandidatens forsking bli gjennomgått. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagt.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi kan tilby:
- Attraktive startpakkar for nye gruppeleiarar.
- Eit nærande, inspirerande og spennande arbeidsmiljø, med framifrå forskingsfasilitetar.
- Stilling som forskar (kode 1110) i statens lønsregulativ med ei brutto startløn på NOK 845.900 (tilsvarande lønssteg 79) ved tilsetjing. Vidare lønsauke skjer etter stillingsansiennitet og prestasjonar i stillinga. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Søknaden på engelsk skal innehalde:
- Eit søknadsbrev (maksimum 1 side)
- Ein detaljert CV og oversikt over tidlegare prestasjonar (maksimum 4 sider)
- Eit forslag til forsking ved Michael Sars-senteret (maksimum 4 sider, ekskludert referansar)
- Kontaktinformasjon for 3 referansar
Søknaden og vedlegg med sertifiserte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Kandidatar som kjem vidare vil bli invitert til eit seminar og intervju av Michael Sars-senterets vitskaplege rådgjevande utval, tentativt halde i Bergen tidleg vår 2025.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Michael Sars-senterets direktør (Lionel.Christiaen@uib.no) og/eller besøk nettsida vår: https://www.uib.no/en/michaelsarscentre.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Veronica Stålhand (veronica.stalhand@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Thormøhlens Gate 55, 5006 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Ledelse
- FINN-kode
- 379029329
- Sist endret
- 07. nov. 2024 09:11