Helsefagarbeidar på natt

Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar på natt
Frist
26.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Gloppen Bu- og omsorgsteneste, Skjerma avdeling ved Gloppen omsorgssenter 1 etg. har ledig ei 80 % fast stilling for helsefagarbeider på natt, med oppstart snarast. 

1. etg har tolv korttids- og rehabiliteringsplassar, to kommunale akutte døgnplassar og ti plassar på skjerma eining. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. I avdelinga har vi eit tett samarbeid med lege, fysio og ergo mfl. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt

 

Våre verdier er: Respekt, kunnskap og omsorg

 

Arbeidsoppgåver

  • Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
  • Ha eit miljøterapeutisk fokus
  • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
  • Beherske norsk skriftleg og muntleg
  • Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen 

Personlege eigenskapar

  • Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar.
  • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel.
  • Ser rolla  si i samspel med andre kollegaer i eininga og er trygg i ansvarsrolla ovanfor pasientane.
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysingsorientert.
  • Trives med endringar og nytenking.
  • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.
  • Har erfaring og interesse for pasientar med ulike typar demens .

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreting.

Kontaktinformasjon

Wenche Pedersen Thomas, Avdelingsleiar, +47 94892130

Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu og omsorg, +47 48894818

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4880980712

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 26.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
379063276
Sist endret
06. nov. 2024 06:56