Inaktiv

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
26.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Gotatoppen har ledig ei 100% stilling som avdelingsleiar.

Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling.
Det blir lagt vekt på godt arbeidsmiljø og god kvalitet i tenestene.

Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og kompetente sjukepleiarar, hjelpepleiarar/ helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har tett samarbeid med lege, fysio/ ergo, heimesjukepleien og spesialishelsetenesta. Vi har pasientar med mange diagnosar og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til tverrfagleg kompetanse. Vi meiner vi har eit inkluderande arbeidsmiljø der vi er rause, tolerante og spelar kvarandre gode.

Avdelingsleiar vil vere i tenesteleiar si leiargruppe og rapportere direkte til tenesteleiar for Bu- og omsorgstenesta.

Våre verdier:

Respekt, kunnskap, omsorg


Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har det faglege og administrative  ansvaret for avdelinga og skal innanfor sitt ansvarsområde bidra aktivt i å utvikle heilheitlege og framtidsretta helse og omsorgstenester for kommunen. Stillinga inneber personalansvar for ca 25 tilsette. Avdelinga har og ein del elever, lærlingar og spl.studentar gjennom året.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i leiing evt. erfaring frå liknande leiarstilling i offentleg sektor er ønskeleg men ikkje eit krav. Leiarutdanning/ kurs vil ein få tilbod om
  • Gode norskkunnskaper og god muntleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ha god og generell datakunnskap og kan tileigne seg fagsystem som blir brukt i kommunen

Personlege eigenskapar

Vi er på utkikk etter deg som:

  • Har erfaring frå spesialisthelsetenesta med tanke på den aukande kompleksiteten i vår pasient gruppe
  • Er tydelig, strukturert og systematisk
  • Er utviklings- og endringsorientert
  • Har evne til å motivere og engasjere dine medarbeidarar
  • Har stor arbeidskapasitet og er fleksibel
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er lojal og sjølvstendig
  • Personleg eignaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med stor moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Eit arbeidsfelleskap med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Eit raust og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu og omsorg, +47 48894818

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4881060723

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Ledelse
FINN-kode
379063289
Sist endret
06. nov. 2024 06:55