Sjukepleiar/Vernepleiar
- Arbeidsgiver
- Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Vernepleiar
- Frist
- 26.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi ledig ei 100% fast stilling for sjukepleiar i turnus, på avd.Oreteigen😊
Vi ser på alternativ turnusordning for denne stillinga, med arbeid kvar femte helg organisert i langvakter.
Oreteigen er ei bueining med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning,
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
- Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
- Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Beherske norsk skriftleg og muntleg
- Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen
Personlege eigenskapar
- Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar
- Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
- Ser sjukepleiar-/vernepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i eininga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane.
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysningorientert
- Trives med endringar og nytenking
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag
Vi tilbyr
- Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande.
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Kontaktinformasjon
Eva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527Eva Skrivervik-Alme, Avdelingsleiar Gotatoppen, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4881170897
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 379063296
- Sist endret
- 06. nov. 2024 06:54
Mer som dette
Vang i Valdres
Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia, 2. gongs utlysning
Vang Kommune