Ergoterapeut 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Ergoterapeut 100 % fast stilling
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ergoterapeut og ute etter nye utfordringar?

Vi har ledig 100% fast stilling som ergoterapeut for vaksne og eldre frå februar 2025. Stillinga er organisert under Heimetenesten distrikt, førebygging og meistring.

Fokusområdet vil vere å tilrettelegge for meiningsfull aktivitet, deltaking og meistring og målet er at alle skal bu heime lengst mogleg og vere deltakande i eige liv. Du vil arbeide i eit fagmiljø beståande av ergoterapeut, fysioterapeut, hjelpemiddelteknikar og andre samarbeidspartnarar. Tverrfagleg samhandling er viktig for å oppnå vårt fokusområde. Du vil arbeide sjølvstendig med moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag.

Heimetenestene i Sykkylven består av heimesjukepleie, dagsenter, demensteam, kreftkoordinator, ergoterapi, fysioterapi, hjelpemiddel, korttid/rehabiliteringsavdeling. Arbeidsområde er heile Sykkylven kommune.


Arbeidsoppgåver

  • Førebyggjande og rehabiliterande tiltak ovanfor menneske i alle aldrar som har eller kan få vanskar med daglege aktivitetar, i eigen heim og i institusjon
  • Bustadtilpassing
  • Hjelpemiddelformidling
  • Delta i innsatsteam saman med fysioterapeut i tett samarbeid med heimetenesta med fokus på kvardagsmeistring
  • Syns- og hørselskontakt
  • Samarbeide med eksterne og interne aktørar
  • Rettleiing av brukar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Dokumentasjon i journalsystemet Visma Profil
  • Utvikling av tenesta
  • Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent ergoterapeut
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring frå kommunehelsetenesta og hjelpemiddelformidling er ein fordel
  • Du må ha førerkort klasse B og kunne nytte eigen bil i tenesta

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein positiv, motivert og engasjert kollega
  • Du er løysingsorientert, fleksibel og har evne til å jobbe sjølvstendig
  • Komfortabel med å ta sjølvstendige avgjersle.
  • Du ønsker å arbeide med vaksne og eldre
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og likar å arbeide tverrfagleg
  • Du har evne til å prioritere og koordinere.
  • Opptatt av kvalitet og utvikling av tenesta
  • Ein god kollega i teamet
  • Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og inkluderande kollegaer
  • Ei teneste i utvikling
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låne- og forsikringsordningar

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Linda Søvik, avdelingsleiar,  91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no

Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune


Referansenr.: 4881115242

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sted
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Ergoterapeut, Sykepleier
FINN-kode
379160551
Sist endret
06. nov. 2024 06:51