Sjukepleiarstudentar. Ledig fast 15% helgestilling
- Arbeidsgiver
- Hjarteavdelinga/ Hjarte post 4, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Fast 15% helegestilling 3. kvar helg
- Frist
- 22.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Hjarteavdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvåking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Utviklinga innan behandlingsmetodar er framtredande og forskingsaktiviteten er høg. Hjarteavdelinga har to store sengepostar (hjartemedisinsk og thoraxkirurgi), ei intensiv- og overvakingseining samt eining for hjarteintervensjon.
Hjarte post 4 er ein thoraxkirurgisk sengepost med 28 sengeplassar. Pasientane er elektive og øyeblikkeleg hjelp innan hjarte- og lungekirurgi, thoraxtraume og invasiv behandling. Vi har eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø med mange spennande arbeidsoppgåver.
Vi søker etter sjukepleiarstudentar med interesse for og gjerne med kunnskap og erfaring innan thoraxkirurgi og invasiv kardiologi.
5021 Bergen
Referansenr.: 4881184577
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 02.12.2024
Søknadsfrist: 22.11.2024
Hjarte post 4 er ein thoraxkirurgisk sengepost med 28 sengeplassar. Pasientane er elektive og øyeblikkeleg hjelp innan hjarte- og lungekirurgi, thoraxtraume og invasiv behandling. Vi har eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø med mange spennande arbeidsoppgåver.
Vi søker etter sjukepleiarstudentar med interesse for og gjerne med kunnskap og erfaring innan thoraxkirurgi og invasiv kardiologi.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar
- Delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gje pasientar og pårørande eit best mogeleg opphald på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Student innan sjukepleiefaget
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel, men inga krav
Personlege eigenskapar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø med varierte utfordringar
- Er ansvarsbevisst og pasientorientert
- Evne til å arbeide målretta med eigne arbeidsoppgåver, samtidig å kunne arbeide godt i team
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Opplæringsvakter vil bli tilbydd før oppstart
- Moglegheit for vidare arbeid ved posten
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Wenche Håvik, Ass. Avdelingssjukepleiar, 92036146Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4881184577
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 02.12.2024
Søknadsfrist: 22.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 379160554
- Sist endret
- 07. nov. 2024 10:39