Inaktiv

Brukarstyrt personleg assistent

Arbeidsgiver
Helse og omsorg, Vanylven kommune
Stillingstittel
Brukarstyrt personleg assistent
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

Kan du tenkje deg ei fleksibel og meiningsfull deltidsstilling som brukarstyrt personleg assistent? Likar du å gjere ein forskjell for andre menneske? Då er kanskje du den vi leiter etter!

Vanylven kommune søker etter brukarstyrt personleg assistent til ei positiv og hyggeleg dame, med nedsatt funksjonsnivå.
Stillinga utgjer 10 timar per veke, omlag 19% stilling. Stillinga er ledig frå dags dato, men start av stilling kan avtalast nærmare med brukar. 

Brukaren bur i eigen, tilrettelagt bustad på Fiskå. Arbeidsstad er i hovudsak brukaren sin heim, men følge til avtalar utanom heimen må påreknast. Arbeidstida er oftast på dagtid mandag til fredag, men tilpassast etter brukar sine ynskje og behov, i samråd med assistent. Arbeidet planleggast saman med brukar som er arbeidsleiar og det krev ein viss grad av fleksibilitet frå assistent. 

Det er ynskjeleg at du har erfaring med å jobbe med menneske. Har du ikkje det, men kan tenkje deg ein slik jobb er du likevel velkomen til å søkje då du vil få opplæring.  

Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir utfyllande informasjon.

 

Arbeidsoppgåver

  • Følge til avtalar og sosiale aktivitetar
  • Handle saman med brukar 
  • Praktisk bistand i heimen, husvask, klesvask
  • Assistanse ved daglege gjeremål
  • Personleg pleie

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med å arbeide med menneske
  • Førarkort klasse B
  • Meistre norsk munnleg og gjerne skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Blid og positiv 
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å samhandle med tjenestemottakar 

Personleg eignaheit vert vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariff 
  • Gode pensjonsordningar
  • Fleksibel kvardag og arbeidstid

Kontaktinformasjon

Julie Strand, Avdelingsleiar heimebasert omsorg, 70030211, julie.strand@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Reitebakkvegen 23

6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune


Referansenr.: 4879067498

Stillingsprosent: 19%

Fast

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sektor
Privat
Sted
Reitebakkvegen 23, 6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
379179500
Sist endret
06. nov. 2024 10:12