Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
- Arbeidsgiver
- Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling ved Nore Neset barneskule
- Frist
- 22.11.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vi har ledig 100% vikariat undervisningsstilling som faglærar frå 01.01.2025 - 31.07.2025
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnfjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for faglig og sosial utvikling. Vi har og som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.
Skuleåret 2024-25 vil skulen ha om lag 311 elevar. Saman om læring summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no
Arbeidsoppgåver
Undervisning som faglærar 1.-7.trinn
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Vi ønsker oss medarbeidarar som:
- god fagleg kompetanse og vilje til å prøve ut nye arbeidsmetodar
- er ein tydeleg, trygg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- bidreg til inkludering og godt læringsmiljø
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Skeismyra 2, 5217 Hagavik
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 379212635
- Sist endret
- 06. nov. 2024 12:46