Forskingsrådgjevar/ Søknadsskrivar
- Arbeidsgiver
- Medisinsk klinikk, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Forskingsrådgjevar / Søknadsskrivar
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønsker du å bidra til medisinsk forsking og innovasjon?
I Medisinsk klinikk søker vi etter ein forskingsrådgjevar/søknadsskrivar som vil ha ei nøkkelrolle i å utvikle prosjektsøknader og sikre eksternfinansiering til klinikken sitt forskings- og innovasjonsmiljø.
Medisinsk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus har over 600 tilsette fordelt på fleire seksjonar, inkludert Seksjon for infeksjonssjukdommar, Seksjon for nyresjukdommar, Seksjon for hormonsjukdommar, Seksjon for blodsjukdommar, Seksjon for fordøyingssjukdommar, Seksjon for klinisk ernæring, Seksjon for sosionomtenester, Seksjon for kontortenester og Forskingsseksjonen. Vi har høg forskings- og innovasjonsaktivitet parallelt med ein travel klinisk kvardag og ønskjer å styrke støtta til våre tilsette i utforming av prosjektsøknader.
Om stillinga
Vi søkjer deg som har erfaring med søknadsarbeid, spesielt innan forskings- og innovasjonssøknader og prosjektoppfølging innan Norges forskingsråd, EUs rammeprogram for forsking og innovasjon og andre keldar som lyser ut midlar til forsking og innovasjon. Du vil samarbeide tett med klinikarar og forskarar for å utvikle søknader og støtte tilsette i alle fasar av forskings- og innovasjonsprosjekt – frå idé til rapportering.
Du vil bli ein medarbeidar i Forskingsseksjonen i Medisinsk klinikk og rapportere til seksjonsleiar. Her vil du få moglegheit til å bistå og utvikle tilsette til å nå opp i konkurransen om forskingsløyvingar. Hos oss blir du ein pådrivar for å auke talet på innvilga prosjektsøknader og ein trygg støttespelar i oppfølginga av eksternfinansierte prosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle og gjennomføre tiltak som støttar arbeidet med prosjektsøknader
- Samarbeide med klinikarar og forskarar og bidra aktivt i kartlegging av søknadsmoglegheiter, utvikle nye prosjekt, skrive søknader og rapportere. Ein betydeleg del av stillinga vil omfatte praktisk gjennomføring av søknadsprosessar
- Aktivt oppsøke og gi råd om strategi og målretting av søknader
- Innhente og formidle informasjon om relevante finansieringskjelder til klinikken sine tilsette
- Rådgjeving om eksternfinansiert verksemd, inkludert Norges forskingsråd, EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, etc.
- Rådgjeving om drift av forskings- og innovasjonsprosjekt, inkludert reglar og rutinar, avtalar, rapportering, datahandtering, open forsking, forskingsetikk og personvern
- Formidle relevant kunnskap gjennom kurs, presentasjonar og på web
- Halde seg kontinuerleg fagleg oppdatert
- Arbeidsoppgåvene kan variere og andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
Kvalifikasjonar
- Utdanning på doktorgradsnivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskravet
- Erfaring med søknadsarbeid og søknadsskriving av forskings- og innovasjonsprosjekt frå finansieringskjelder som Norges forskingsråd, EUs rammeprogram, etc.
- God kjennskap til og erfaring frå verkemiddelapparatet for forskingsfinansiering
- Særs gode formuleringsevner både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
- God IKT-kompetanse
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Evne til å ta initiativ, drive og fullføre prosessar, spesielt når det gjeld å innhente ekstern finansiering og motivere klinikarar til å søke forskingsmidlar
- Høg evne til å jobbe sjølvstendig og handtere fleire prosjekt samtidig, med god gjennomføringsevne og innan fastsette fristar
- Gode evner til å jobbe tett med kliniske forskingstilsette, forskarar, stab og leiing, og bygge gode relasjonar på tvers av tilsettegrupper, einingar og samarbeidande institusjonar
- Opptatt av høg kvalitet på arbeidet
- Openheit for å lære nye ting, tilpasse seg endringar i regelverk og søknadsordningar, og halde seg fagleg oppdatert
- Engasjement for å løyse utfordringar og oppnå klinikken og sjukehuset sine mål
- Evne til å jobbe under høgt arbeidspress for å levere innan fristar
Vi tilbyr
- Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar (i henhold til Helse Bergens lønnspolitikk), avhengig av erfaring og kompetanse
- Arbeid i eit inspirerande klinisk miljø med høg forskingsaktivitet
- Varierte og utfordrande oppgåver som gir rom for både fagleg og personleg utvikling
- Gode velferdsordningar
- God pensjonsordning i Kommunal Landspensjonskasse (klp.no).
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev
- CV
- Relevante vitnemål
- Eventuelle attestar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Amra Grudic-Feta, seksjonsleiar, 99636904, amra.grudic-feta@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4881733166
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Saksbehandler, Prosjektledelse
- FINN-kode
- 379308357
- Sist endret
- 07. nov. 2024 08:31