Hjelpemiddelteknikar 100 % fast stilling
- Arbeidsgiver
- Heimetenestene, Sykkylven kommune
- Stillingstittel
- Hjelpemiddelteknikar 100 % fast stilling
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du strukturert, omgjengeleg, serviceinnstilt og fleksibel? Då er det kanskje deg vi leiter etter!
Sykkylven kommune søker etter hjelpemiddelteknikar i 100 % stilling med oppstart fra d.d
Stillinga er organisatorisk lagt til Heimebasert omsorg, avdeling Førebygging og Meistring. Du vil jobbe nært saman med ergoterapeut og fysioterapeut.
Arbeidsområder:
Hjelpemiddelteknikaren jobbar med eit breitt spekter av hjelpemiddel som gir brukarar i alle aldrar moglegheit til å meistre kvardagsaktivitetar. Arbeidet inkluderar både montering, tilpassing, feilsøking og reparasjon av teknisk utstyr, samt veiledning/opplæring i bruk. Du må ha evne til å skape gode relasjonar i møte med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar på ulike arena – både i heim, skule, barnehage, og andre institusjonar. Hjelpemiddelteknikar har hovudansvar for drift og vidareutvikling av kommunalt hjelpemiddellager. Andre oppgaver kan bli tillagt stillinga ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for kommunalt korttidslager og vidareutvikling av dette.
- Utlevering og henting av hjelpemiddel frå kommunalt korttidslager og frå NAV hjelpemiddelsentral.
- Vask og klargjering av hjelpemiddel
- Tilpasning, rådgivning og opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel
- Mottak og koordinering av transport som leverer hjelpemiddel fra NAV
- Reparasjoner, feilsøking og vedlikehald av hjelpemiddel
- Bestilling av deler, utfylling av nødvendige skjema og m.m.
- Kontinuerlig dialog og tett samarbeid med bestiller av hjelpemiddel
- Ansvar for oversikt over og dokumentasjon av utdelte hjelpemiddel
- Tett samarbeid med Nav Hjelpemiddelsentral.
- Halde seg oppdatert med nødvendige kurs og godkjenninger hos Nav Hjelpemiddelsentral
Kvalifikasjonar
- Digital kompetanse
- Gode norskferdigheiter, både skriftleg og muntleg
- Førarkort klasse B
- God fysisk helse - då det til tider er tungt fysisk arbeid
Ønskelege kvlifikasjonar
- Relevant fagbrev eller annan relevant kompetanse innan helse, lager/logistikk eller mekanikk/elektronikk
- Relevant erfaring og praksis frå kommunal helseteneste kan kompensere for mangel på utdanning
- Erfaring frå praktisk og teknisk arbeid
- Kunnskap om det kommunale helse- og omsorgstilbodet
- Kunnskap om tekniske hjelpemiddel
Personlege eigenskapar
- Teknisk og praktisk anlagt
- Tålmodig og evne til å omgås brukarar og pårørande med verdigheit og respekt
- Strukturert, positiv og løysingsorientert
- Stor arbeidskapasitet og taklar høgt tempo
- Opptatt av kvalitet og utvikling av tenesta
- Ein god kollega i teamet
- Du må kunne jobbe sjølvstendig og ha god arbeidskapasitet.
- Du er fysisk sterk og ved god helse.
- Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Opplæring
- Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og inkluderande kollegaer
- Ei teneste i utvikling
- Lønn og arbeidsvilkår i henhold til tariffavtale og lokale lønnspolitiske retningslinjer
- Kommunal pensjons- og forsikringsordning
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Linda Søvik, avdelingsleiar, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.noWenche Oldeide, Einingsleiar
Arbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4881122780
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haugneset 16, 6230 Sykkylven
- Stillingsfunksjon
- Håndverker, Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 379313615
- Sist endret
- 07. nov. 2024 09:33