Inaktiv
Helsesjukepleiar, 100% fast
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Eining helse. Tilsetjing helsesjukepleiar 100% fast stilling snarast/etter avtale
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om stillinga
Me tilbyr
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar frå snarast/etter avtale. Er du sjukepleiar og ynskjer å ta vidareutdanning i helsesjukepleie er du også velkomen til å søkje.
Helsestasjonen/skulehelsetenesta i Gulen kommune har i dag tre helsesjukepleiarar i fulle stillingar, kor den eine vert ledig frå desember av.
Helsestasjonen har sin base ved Gulen helsesenter i Eivindvik, kor dei er samlokaliserte med legetenesta. Skulehelsetenesta vil primært ha sin base på dei fire grunnskulane i kommunen.
Me tilbyr
- Ein historisk og framtidsretta kommune med fin natur og kjekke folk!
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ledig barnehageplass i kommunen
- Hjelp til å orientere seg i bustadmarknaden
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesta i tråd med nasjonalfaglege retningslinjer, lovverk og anbefalt program
- Helsestasjon for ungdom
- Drive opplysingsarbeid og undervising
- Rådgjeving og rettleiing
- Vaksinasjon
- Miljøretta helsevern/smittevern
- Tverrfagleg samarbeid med andre tenester
- Helseundersøkingar/-kartlegging med oppfølgingsarbeid
- Arbeid tilknytt flyktningar/familieoppfølging
- Andre oppgåver som måtte kome til
Arbeidsoppgåver kan verte fordelt i tenesta etter kompetanse, erfaring og behov.
Noko ettermiddag- og kveldarbeid må reknast med.
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjent sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie eller er i eit utdanningsløp
- Sjukepleiarar utan vidareutdanning kan også vurderast, med vilkår om at vidareutdanning vert gjenomført (bindingstid 2 år etter godkjent vidareutdanning)
- Det er ynskjeleg med erfaring innan helsestasjon og skulehelsetenesta
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer
- Strukturert, sjølvstendig, samarbeider godt og er initiativrik
- Bidrar til godt arbeidsmiljø
- Bidra til ein stabil kvardag for brukarane av tenesta
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eivindvikvegen 1102, 5966 Eivindvik
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 379314616
- Sist endret
- 07. nov. 2024 09:22