Undervisningsstilling
- Arbeidsgiver
- Foldrøy skule, Bømlo kommune
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling, vikariat
- Frist
- 21.11.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
På flotte, spanande og innhaldsrike Foldrøy skule, treng me ein ny kollega. Er du klar for utfordringa?
Foldrøy skule ligg sentralt på Bømlo og er ein 3-delt barneskule med 41 elevar skuleåret 24/25. På Foldrøy skule står elevane i fokus og dei skal oppleva å bli sett kvar dag. Elevane skal kjenne at dei høyrer til og at det er bruk for dei i Bømlo kommune.
Me har no eit ledig vikariat på 100 % ut skuleåret 24/25.
Det er ynskjeleg med snarleg oppstart.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av elevar på 1.-7.trinn
- Timelærar
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk kompetanse og undervisningskompetanse, fordel om søkjar har kompetanse i musikk
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk
- Relevant erfaring
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg og tydeleg vaksen med evne til å skapa gode relasjonar
- Er venleg og har god omstillingsevne
- Du har gode samarbeidsevner
- Du jobbar sjølvstendig, men evna og å jobba i team
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune, ved ein flott skule
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt, humørfullt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Me tilbyr
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Fredrik Christensen, fungerande rektor Foldrøy skule.
Kontaktinformasjon
Fredrik Christensen, 410 42 368, fredrik.christensen@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Hamnavegen 21
5428 Foldrøyhamn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4881713425
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 21.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Hamnavegen 21, 5428 Foldrøyhamn
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 379332987
- Sist endret
- 07. nov. 2024 11:24