Vil du vere med å gjere ein forskjell for Dingemoen skule og framtidige generasjonar? Søk som vår nye assisterande rekto

Arbeidsgiver
Fjaler kommune Dingemoen skule
Stillingstittel
Assisterande rektor på Dingemoen skule 100 % fast stilling
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Dingemoen skule søker ein ny assisterande rektor frå 1. januar 2025, då vår noverande går over i ny stilling. Som assisterande rektor blir du ein sentral støttespelar i leiarteamet, og ein viktig bidragsytar til elevane si læring og utvikling. Du får eit overordna ansvar for det pedagogiske utviklingsarbeidet, i tillegg til ansvar for administrasjon og planlegging av skulekvardagen. I hovudsak er stillinga administrativ, med ein liten del undervisning.

Vi ser etter ein pedagogisk og administrativt dyktig leiar som vil engasjere og motivere til samarbeid og gode læringsmiljø.
Nye Dingemoen 1-10-skule, ferdigstilt i 2021, gir fantastiske arbeidsforhold for både tilsette og elevar, med moderne fasilitetar, spesialrom og store uteområde.
Skulen sitt verdigrunnlag er forankra i vår visjon: Likskap – Kunnskap – Venskap.

Arbeidsoppgåver:

Du vil støtte og utvikle skulen i tråd med lover og forskrifter, leie det pedagogiske utviklingsarbeidet, og sikre eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Vidare har du ansvar for planlegging av ressursbruk og timeplanar for det pedagogiske personalet, samt personalansvar der du utøver tillitsbasert leiing som fremjar samarbeid og målretta innsats.
Som rektor sin stedfortredar vil du òg følgje opp analysar og resultat, inkludert kartleggingar og nasjonale prøver.

Kvalifikasjonar:
  • Rektorutdanning eller tilsvarande leiarutdanning, eller vilje til å ta slik utdanning
  • Relevant pedagogisk utdanning og brei erfaring frå pedagogisk arbeid
  • Innsikt i forsking om skule og skuleleiing, samt god digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar (B2) og kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • Godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Ynskjeleg:

  • Kompetanse og erfaring frå profesjonelle læringsfellesskap og skuleutvikling
  • Leiarerfaring, særleg frå skule
Personlege eigenskapar

Du er ein tydeleg, synleg og målretta leiar som byggjer relasjonar og samarbeider godt med kollegaer, elevar og føresette. Du er engasjert, løysingsorientert og har høg arbeidskapasitet, og du evnar å prioritere og halde roen i ein hektisk kvardag. Vi ynskjer oss ein leiar som bidreg til vidare utvikling for både medarbeidarar og skulen, og som møter kvardagen med ei varm og positiv innstilling.

Vi tilbyr:

• Løn etter utdanning og erfaring
• Godt arbeidsmiljø
• Erfarne støttespelarar i kollegiet
• Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søkjarlister med namn, kjønn, alder og stilling er i utgangspunktet offentlege. Søkjarar vil bli kontakta om det ikkje finst grunnlag for unntak, og få høve til å trekkje søknaden. Under elles like føresetnader vil menn bli føretrekte.

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Sted
Dingemoen, 6963 Dale i Sunnfjord
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
379335067
Sist endret
07. nov. 2024 11:39