Fagarbeidar barne- og ungdomsarbeiderfaget

Arbeidsgiver
Rørstadmarka skule, Sula kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar barne- og ungdomsarbeiderfaget
Frist
21.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Arbeid med barn i grupper eller inn mot einskildbarn med særskilde behov for oppfølging og støtte. 

Rørstadmarka skule/SFO søkjer etter fagarbeidar innan barne-og ungdomsarbeidarfaget i eit 70% vikariat. Vi søkjer deg som har ønskje og evne, til å bidra til at barn i skule og SFO opplever kvardagen sin som trygg og meiningsfull.

Stillingsprosent:
70% vikariat fom 1.1.25 – 31.12.2025, med høve til å få forlenge arbeidsforholdet.

Vi søkjer deg som viser arbeidsglede ved å ha hjarte for barn med ulike utfordringar, samtidig som du er ein autoritativ vaksen.

Stillinga er fordelt med 38% i SFO og 32% i skule. Turnus er lagt opp slik at ein kan kombinere stillinga med å vere tilkallingsvikar om ein ønsker å jobbe meir enn 70%. Turnusen er også lagt opp slik at ein har større fleksibilitet i skulefrie periodar.
 
Rørstadmarka skule/SFO vart opna hausten 2022 og ligg flott plassert på midtre del av Sula kommune. Skulebygget og uteområdet vårt byr på gode lære- og leiketilhøve og med nærleik til vatn, skog og fjell, har vi høve til å legge opp til varierte arbeidsformer, både i skule og SFO.

Skulen vår har 213 elevar og 37 tilsette. I SFO har vi vel 90 barn og 10 tilsette. Vi har eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med god alders- og kjønnsfordeling. Vi arbeider etter visjonen vår "Ved Rørstadmarka skule har vi rom for alle og auge for den enkelte, vi arbeider saman om trivsel, meistring og læring". Ved å nytte fleksibiliteten vi har i skule- og uterom legg vi opp til at slagordet vårt; "leik og læring dag for dag", får leve i praksis.

Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har eigne læringsbrett som digitalt verktøy. I lag med fysiske bøker gir dette oss godt høve til variasjon i arbeidsmåtar. 

Arbeidsoppgåver

* Støtte, rettleie og aktivisere barn på ein trygg, tydeleg og positiv måte.
* Rettleie og støtte einskildbarn innan nevroutviklingsforstyrringar.
* Ansvar for barn med behov for ulik grad av tilrettelegging.
* Legge til rette for eit godt læringsmiljø og aktivt bidra til eit inkluderande skulemiljø.
* Vere ein god klasseleiar.
* Planlegge og legge til rette for aktivitetar inn mot einskildbarn og grupper.
* Bidra til eit trygt, godt og inkluderande leike- og læringsmiljø.
* Samarbeide med ulike lærarar, spesialpedagogar, skulen si leiing, andre samarbeidspartnarar og føresette.

Kvalifikasjonar

* Fagarbeidar i barn og ungdomsarbeiderfaget. Annan relevant kompetanse eller erfaring innan nevroutviklingsforstyrringar kan kompensere for manglande fagbrev.
* Erfaring frå arbeid med autismespektervanskar og andre nevroutviklingsforstyrringar.
* Ønskeleg med søkjarar som har erfaring frå arbeid innan skule og SFO.
* Har god klasseleiing.
* Gode IT kunnskapar.
* Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
* Erfaring med alternativ supplerende kommunikasjon som ASK, PODD TD-snap osv.
* Gode ferdigheiter i norsk, munnleg og skriftleg.
* Politiattest må framlegges før tiltredelse.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer at du som skal arbeide i lag med oss har/er: 

* tydeleg, aktivt tilstades og engasjert vaksen i samspel med barn, foreldre og andre tilsette. 
* ein trygg med evne til å skape gode relasjonar med elevar og tilsette.
* initiativrik og kan legge til rette for aktivitetar ute og inne
* hjelpsam, ein lagspelar og god på samarbeid
* gode samarbeidsevner, være fleksibel og løsingsorientert, og med vilje til endring og til å møte nye utfordringar, vere villeg til å ta imot rettleiing og å bidra med din kompetanse.
* løysingsorientert og reflektert over eigen praksis
* behalde ro i utfordrande situasjonar 
* raus, fleksibel og med godt humør
* bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

* varierte, spennande og utfordrande arbeidsoppgåver 
* eit godt miljø å bygge erfaringar i
* ein hektisk og variert kvardag
* rettleiing og oppfølging
* 37 inkluderande og engasjerte tilsette
* 213 glitrande elevar
* ein turnus som gir høve til fridagar i skulefrie periodar. 
* IA-bedrift
* nytt og flott skulebygg med gratis parkering
* løn og tilsettingsvilkår i samsvar med lov. føreskrifter og regulativ
 

Kontaktinformasjon

Janne Lise Dragsund Lundbø, Rektor, 95710200, janne-lise.d.lundbo@sula.kommune.no

Renate Myklebust, SFO-leiar, 95710202, renate.myklebust@sula.kommune.no

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune


Referansenr.: 4882470613

Stillingsprosent: 70%

Vikar

Startdato: 01.01.2025

Sluttdato: 31.12.2025

Søknadsfrist: 21.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
6035 Fiskarstrand
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
379336988
Sist endret
07. nov. 2024 11:25