Sjukepleiar. 80% fast stilling på natt ved Medisin 5 vest
- Arbeidsgiver
- Medisinsk klinikk/ Medisinsk Post 5 Vest, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Sjukepleiar på natt
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Kom til oss - Medisin 5 vest har ledig ein 80% fast stilling som sjukepleiar på natt, og vi ønsker nettopp deg som vår nye kollega.
Medisin 5 vest er ein infeksjonsmedisinsk sengepost ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har 14 sengeplassar og jobbar etter prinsippet om gruppesjukepleie. Vi søker ein lojal og positiv sjukepleiarkollega som trivast på natt. Vi ønsker å tilby 80% fast stilling på natt ved at hovuddel av stillinga er knytt til medisin 5 vest, og ein del nyttast på tvers av dei andre seksjonane i medisinsk klinikk til hospitering, opplæring og arbeid. (Andre stillingsprosentar kan vurderast om ønskeleg). Vi behandlar ulike infeksjonssjukdommar som pneumoni, sepsis, gastroenteritt, tuberkulose, endokarditt og andre generelle infeksjonssjukdommar.
Vi søker ein ny kollega til det flotte teamet vårt.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar eit best mogleg opphald på avdelinga
- Gi/yte god omsorg for pasienten og dei pårørande
- Opplæring og rettleiing av studentar samt nytilsette
- Administrasjon av legemiddel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Evne til å ta sjølvstendige avgjerder
- Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Relevant opplæring
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hege Cecilie Sørby, Avdelingssjukepleiar, 55 97 37 03Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4882143050
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 379367935
- Sist endret
- 08. nov. 2024 07:29