Pedagogisk medarbeidar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Pedagogisk medarbeidar ved Lonevåg skule
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

På Lonevåg skule skal vi saman leggje til rette for læring og utvikling for alle elevar, og stimulere den enkeltes motivasjon, lærelyst og tru på seg sjølv.  Trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing er satsingsområda til skulane på Osterøy. 

Vi søkjer no etter ein varm, engasjert og inkluderande barne og ungdomsarbeidar i 100% fast stilling som skal jobbe både i skule og i SFO. Vi har også ledig eit svangerskapsvikariat i 80% storleik i perioden 01.02.2025 - 31.07.2025. 

Kanskje er det deg me kan ønskje velkomen til den flotte skulen vår?


Arbeidsoppgåver

Som pedagogisk medarbeidar på skulen vår vil du ha varierte arbeidsdagar med variert innhald. Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga er mellom anna:

  • Arbeide for eit trygt og godt skulemiljø
  • Bidra til å styrke laget rundt elevar
  • Du har medansvar for at opplæringslova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på skule og i SFO
  • Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper i skule og SFO
  • Bidra til utviklande og positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit stabilt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som bidreg aktivt for læring og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP
  • Ein arbeidsplass med naturen som næraste nabo! 
  • Om du kjem med bil er det gode parkeringsmoglegheiter 
  • Ein arbeidsplass som gler seg til å få deg som ny kollega!

Kvalifikasjonskrav
  • Du har fortrinnsvis fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Annan utdanning med fagbrev innan helse- og oppvekstfag kan og vurderast.
  • Har du ikkje fått fagbrevet heilt endå men ønskjer å ta det snarleg, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg!
  • Vidareutdanning i "kvalitetsarbeid i SFO" er eit ønskje
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagd vekt i prosessen

Kven er du?
  • Som pedagogisk medarbeidar på Lonevåg skule må du like å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollagaer.
  • Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein raus og trygg vaksen. 
  •  Du står stødig når barn treng innramming.
  • Du er nysgjerrig og har mot og vilje til å vere i utvikling
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig, finn løysingar, og likar å jobbe i team. 
  • Du tar initiativ til å sjå ting frå nye innfallsvinklar og likar å jobbe tverrfagleg 
  • Du er strukturert og nøyaktig 

Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!


Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
379376719
Sist endret
08. nov. 2024 06:56