Tenesteleiar Lege, fysio, ergo og helsestasjonstenester
- Arbeidsgiver
- Kommunalområde Livsløp, Haram kommune
- Stillingstittel
- Tenesteleiar
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du vere med å forme ein ny kommune?
Frå 1. januar 2024 blei Haram igjen eigen kommune etter delinga av Ålesund. Vi søkjer no ein motivert og fagleg sterk tenesteleiar som vil vere med å utvikle og vidareutvikle våre helse- og velferdstenester i kommunen.
Som tenesteleiar får du ansvar for eit nytt tenesteområde Lege, fysio, ergo og helsestasjonstenester. Tenesten er organisert med ein tenesteleiar og tre avdelingsleiarar. Ein for kvar avdeling. Dette er ei unik moglegheit til å påverke og bygge opp tenestene i ein kommune med høge ambisjonar.
Kommunalområde Livsløp i Haram er sett saman av tenesteområde som støttar innbyggjarane i alle livsfasar, inkludert:
- Psykisk helse og rus og ressursbase
- Pedagogisk fagsenter
- Integrering
- Barnevern
- NAV
- Helsestasjontenester, fysio- og ergoterapi og legetenester
Som tenesteleiar vil du ha eit breitt ansvarsområde og eit viktig mandat for å styrke og utvikle heilskaplege tenester til kommunen sine innbyggjarar. Du vil samarbeide tett med dyktige medarbeidarar og leiarar i eit miljø der vi set fokus på å spele kvarandre gode og arbeide på tvers av fagområde for å skape eit best mogleg tenestetilbod.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeida på tvers for å skapa gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søkjer om tenester.
Arbeidsoppgåver
Tenesteleiar har det faglege, økonomiske og administrative ansvaret for sine tenester. Hovudoppgåvene er å leie, planlegge, følgje opp og utvikle tenestene innanfor gjeldande lovverk, budsjett og overordna planar for Haram kommune.
- Leie, planlegge, koordinere og leggje til rette for utvikling og drift av tenestene du har ansvar for
- Ansvar for å leggje til rette for tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid.
- Ansvar for økonomisk planlegging, budsjettering og rapportering.
- Overordna ansvar for fag, personal og økonomi
- Leie kvalitetsarbeid og HMS med fokus på forbetringar
- Ansvar for kvalitet- og internkontroll.
- Vere rapporteringsansvarleg for drift og resultat
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg med relevant fagbakgrunn innan helse, sosialfag eller tilsvarande på bachelor- eller masternivå. Erfaring frå helse- og sosialtenester, samt evne til tverrfagleg samarbeid, vil vere ein fordel.
- Helsefagleg bakgrunn på bachelor- eller masternivå
- Du har leiarerfaring
- Du har god kjennskap til økonomistyring og budsjettering
- Du har ein solid forståing av leiarrollen i eit politisk styrt system.
- Du har innsikt i digitale verktøy, velferdsteknologi og saksbehandling.
- Engasjement for utvikling og tryggleik i leiarrolla
- Dyktig på kommunikasjon, både skriftleg og munnleg
Vi ser det som ei fordel at du også har:
- Leiarutdanning
- Kjennskap til tenestene
Personlege eigenskapar
- Du er utviklingsorientert med eit klart blikk for framtida
- Du er inkluderande, tydeleg og tør å ta avgjerdsler
- Strukturert og systematisk i tilnærminga di
- Gode samarbeidsevner og evne til å motivere tenestene dine
- Personleg eignaheit vert vektlagd
Vi tilbyr
- Utfordrande leiaroppgåver i eit tverrfagleg miljø.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og veiledning.
- Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg.
- Løn etter avtale, med pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
- Fleksitid
Kontaktinformasjon
Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, frode.boe.hatlelid@haram.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4880751375
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
- Sted
- Strandgata 40, 6270 Brattvåg
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Helsepersonell
- FINN-kode
- 379449187
- Sist endret
- 08. nov. 2024 07:02