Fastlege Brattvåg legekontor 

Arbeidsgiver
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Stillingstittel
Fastlege
Frist
01.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haram kommune - vil du vere med å bygge ei ny kommune?

 

Ledig fastlegestilling ved Brattvåg legekontor frå Juni 2025

Ein av våre fastlegar går av med pensjon 31.05.2025 etter fylte 70 år, og vi søkjer ein dyktig erstattar. Den ledige lista har om lag 980 pasientar. Brattvåg legekontor tilbyr eit solid fagleg og sosialt miljø med fast tilsette legar i alle heimlar. Legekontoret ligg i moderne fasilitetar i tenestehuset i Brattvåg, som vart opna hausten 2019, og har kort pendlaravstand frå Ålesund.

Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Brattvåg legekontor drivast kommunalt og har erfarent hjelpepersonell og sjukepleiarar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med 30% av produksjonsinntektene.

Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og faglege møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning.

Vi har også eit ledig fødselsvikariat ved Vatne legekontor frå april/mai 2025, med varigheit inntil eitt år. Oppgi gjerne i søknaden kva stilling du søkjer på.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeida på tvers for å skapa gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søkjer om tenester.


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1 i Norge
  • Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller villig til å starte spesialiseringsløp
  • Gode kommunikasjonevner og samarbeidsevner
  • God kunnskap om norsk lovverk
  • Gode språkkunnskapar i norsk muntlig og skriftlig
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt
  • Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legekontoret
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv framtoning
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Varierte og overkommelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår
  • Du kan velge mellom  konkurransedyktig fastlønn med tillegg av 30% bonus av takstproduksjon  eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale.
  • Listestørrelse 800 pasientar ved full kurativ stilling som ALIS og 1000 pasientar som spesialist 
  • Ingen "goodwill" ved overtaking av liste til privat næringsdrift
  • Interkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt. to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning av erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar.
  • Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin. Kommunane samarbeider om å legge til rette for at ALIS i Haram vil kunne ta institusjonstenesta ved ØHD om ein ønsker det.
  • ALIS-avtale.
  • Etter avtale mellom legen og Haram kommune kan legen pliktast til offentlig arbeid på inntil 20% stilling, med minimum 6 månaders varsel.

Kontaktinformasjon

Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4878760143

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.06.2025

Søknadsfrist: 01.12.2024

Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
379449207
Sist endret
08. nov. 2024 07:09