Klar for ein spananade leiarjobb ? Seksjonsleiar ved Selje-/Hasletunet, Volda Omsorgssenter
- Arbeidsgiver
- Volda kommune, Institusjonsteneste
- Stillingstittel
- Klar for ein spanande leiarjobb? Seksjonsleiar Selje/Hasletunet , Volda Omsorgssenter
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vår seksjonsleiar skal over i anna arbeid og vi søkjer difor etter ny seksjonsleiar for
Selje /Hasletunet på Volda Omsorgssenter.
Seksjonsleiar har dagarbeid der ein kombinerer direkte tenesteyting med leiing og
administrative oppgåver.
Selje/Hasletunet er ein seksjon med 19 plassar for personar med demens, fordelt på 2 grupper
På denne arbeidsplassen får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spannande utfordringar ilag med engasjerte og kompetente
medarbeidarar. Vi har stort fokus på miljøarbeid og å skape ein god dag for dei som bur her.
Stillinga er ledig frå 06.01.2025. Er du sjukepleiar / vernepleiar så send ein søknad då vel.
Arbeidsoppgåver
Dagleg ansvar for drifta i seksjonen
Dagleg ansvar for personale.
Medansvar for budsjett og økonomi
Ansvar for utvikling- og endringsprosessar
Vere ein tydeleg leiar som kan stå i utfordringar og som legg godt til rette for eit godt samarbeidsklima, medverknad og innovative løysingar
Fagansvar for seksjonen, sjå til at tenestene har god fagleg kvalitet
Delta i den interne leiargruppa som består av avdelingsleiar og seksjonsleiarar i institusjonstenesta
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan leiing, gi opp HPR -nr i søknaden.
Det er ønskeleg med erfaring innan leiing og / eller kvalitetsutvikling
Erfaring med endringsarbeid og tverrfagleg samarbeid
Det er ein fordel med erfaring frå kommunal helseteneste, og at ein har god oversikt over krava stilt til kommunale helse - og omsorgstenester generelt og seksjonen sine fagområde
Evne til å jobbe systematisk og målretta med god framdrift
Det skal framleggas politiattest før oppstart i stillinga.
Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica.
Personlege eigenskapar
Du er tydeleg som leiar, og du både støttar, utfordrar og stiller forventningar til dine medarbeidararDu er opptatt av kommunikasjon og har evne til å inspirere og motivere dine medarbeidarar
Du er sjølvstendig i ditt arbeid, har god arbeidskapasitet og har evne til å prioritere mellom ulike arbeidsoppgåver.
Du er ein synleg leiar med gode relasjonelle ferdigheiter og har evne til å utvikle fellesskap og gode team
Du er strukturert og har god systemforståing, samt ferdigheiter innan data- / fagprogram
Du er fleksibel og løysingsorientert
Du er ein god lagspelar
Du må kunne identifisere deg med verdiane i Volda kommune: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE..
Vi tilbyr
Ei spanande, krevjande og interessant stilling
Leiaropplæring-/oppfylging
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fokuspå relevant kompetanseutvikling, og høve til vidareutdanning
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, avdelingaleiar Institusjon , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noArbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4879230796
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Barstadmarka 2, 6102 Volda
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Helsepersonell
- FINN-kode
- 379460009
- Sist endret
- 08. nov. 2024 08:42