Driftsoperatør / arbeidar Vatn og avløp

Arbeidsgiver
Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn
Stillingstittel
Driftsoperatør / Arbeidar Vatn og avløp
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Verksemd Vatn og avløp i Ålesund kommune produserer og leverer reint vatn til folk og fjord. Vi tryggar framtida med å sikre folkehelse og naturmangfald og er ein avgjerande aktør for totalberedskapen i regionen. Vatn i Ålesund har ansvar for vassbehandlingsanlegg, fleire renseanlegg, 110 mil rør og 125 pumpestasjonar i tillegg til at vi har ansvar for tilsyn, kontroll, forvaltning og gebyrinnkreving. Vi har eit stor fagmiljø med omlag 40 ingeniørar og 40 fagarbeidarar/arbeidarar i drifta. 

Vi treng fleire folk i driftsavdelinga og søkjer etter driftsoperatør / arbeidar.

I tillegg til utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskaper og at ein elles er skikka for stillinga. Kvinner vert oppfordra til å søkje. 


Arbeidsoppgåver

  • drift, vedlikehald og fornying av vatn - og avløpsnettet (avløpspumpestasjonar og tilhøyrande utstyr, slamavskillarar, overløp, leidningsbrot, lekkasjesøk, spyling, ventilar, kummar, hydrantar, trykktesting og sluttkontroll m.m.)
  • ajourhald av digitale kart - ledningsdata, avvik og endringar (Gemini)
  • delta i planlegging og gjennomføring av større og mindre VA-prosjekt 
  • deltaking i beredskapsvakt må påreknast dersom behovet oppstår.
  • andre relevante oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • primært relevant fagbrev eller teknisk fagskule (anleggsrørleggar, automasjon, industrimekaniker, elektro, industrirørleggar).
  • personar utan formell kompetanse er også velkomne som søkjarar. Ein må då vere engasjert og innstilt på å lære alle aktuelle arbeidsoppgåver knytt til stillinga, og utvikle rett kompetanse gjennom arbeidsforholdet hjå oss.
  • ADK 1 sertifikat er ønskjeleg

Uansett om du er faglært eller ikkje er det eit krav at du har

  • gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B, helst også BE, C1 og C

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein person som har vilje og evne til å 

  • ta initiativ, samarbeide og få arbeidet gjort på ein ryddig og strukturert måte
  • vere fleksibel og finne løysingar
  • arbeide i tråd med kvalitets- og HMS-prosedyrer
  • vere ein god medarbeidar som deler kompetansen sin og som bidreg positivt til fag- og arbeidsmiljøetta ansvar, a

Vi tilbyr

  • gi folk i Ålesund verdas viktigaste ressurs; reint vatn.
  • bygge framtidas Ålesund og sikre friske fjordar, naturmangfald og livet i havet.
  • godt fagmiljø og gode muligheiter for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning, relevante kurs og opplæring
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter lokal tariff

Kontaktinformasjon

Andreas Relling, Gruppeleiar, 476 53 381, andreas.relling@alesund.kommune.no

David Chris Mertsching, Avdelingsleiar, 916 17 862, David.Chris.Mertsching@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms g. 11

6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn


Referansenr.: 4879318948

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Keiser Wilhelms g. 11, 6003 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Håndverker, Teknisk personell
FINN-kode
379465682
Sist endret
08. nov. 2024 10:01