Inaktiv

Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
21.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eg vil ha deg som brenn for leiing, og for faget fysikalsk medisin og rehabilitering! Kan det vere deg? Då vil eg oppmode deg til å søkje!

Kan du tenkje deg å bli med på leiarlaget i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering, og dermed bli ein viktig bidragsytar til å skape framtidas helsetenester innan fysikalsk medisin og rehabilitering? Du vil vere del av leiargruppa på klinikknivå som har høge ambisjonar om å ha meirverdi for organisasjonen, meriverdi for eiga leiargruppe, og meirverdi for kvar enkelt gruppemedlem. Vi fremjar trygge relasjonar som fremjar gruppa si fungering.

Vi søkjer deg som er engasjert, nytenkjande og som evner å motivere dine tilsette og er ein tydeleg og samlande leiar. Gode evner til å samarbeide i team og på tvers av faggrupper er viktige i denne jobben. Du må trivast i eit hektisk miljø der fleksibilitet er ein sjølvsagd del av kvardagen.
Du må like å jobbe målretta og strategisk for å skape resultat saman med dine medarbeidarar og samarbeidspartnarar. 

Seksjonsleiarstillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som høyrer til Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 24 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppene som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/ eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner. 

Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inkludert HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett arbeid i tverrfaglege team både på sengepost og poliklinikk. 

Om oss: Helse Møre og Romsdal ønskjer at våre tilsette skal gjenspegle befolkninga sitt mangfold. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett kjønn, alder, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing og seksuell orientering. Det same gjeld dersom du har hatt opphald i arbeidslivet. 

Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 


Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsleiar har ansvar for å planleggje og vidareutvikle organisering og drift i henhold til gjeldande lover, forskrifter, avtaler og styringsdokument
  • Leiarransvar for fag, personal og økonomi i eigen seksjon
  • Kontinuerleg arbeid med kvalitetsforbetring og pasientsikkerheit
  • Ansvar for strategisk utviklingsarbeid i tråd med klinikkens og helseforetakets mål, herunder bidra og stimulere til kvalitetsutvikling og forskningsaktivitet
  • Bidra til måloppnåing og god samhandling med alle relevante samarbeidspartnarar internt og eksternt
  • Drift og optimal utnytting av kompetanse og ressurser på tvers av einingane og faggruppene i seksjonen
  • Ansvar for god og samhandlande personalleiing

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg bakgrunn, spesialist innanfor relevant fagområde, mastergrad, bachelor
  • Relevant erfaring frå rehabiliteringsfagfeltet i spesialisthelsetenesta og/eller kommunehelsetenesta
  • Leiaerutdanning og/eller tidlegare relevant erfaring som leiar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har gode leiareigenskapar
  • Du har god organisasjonsforståing med evne til å sjå og tenkje heilskapleg
  • Du har ein inkluderande og samhandlande leiarstil
  • Du er ansvarsbevisst og endringsvillig
  • Du er løysingsorientert og nytenkjande
  • Du er strukturert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du bidrar til eit godt og stabilt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte team 
  • Utfordrande arbeidsoppgåver 
  • Tett samarbeide med andre faggrupper 
  • Ein inkluderande arbeidsplass 
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Sosiale aktivitetar med blant anna felles treningsgruppe som har treningar ein gong i veka om sommaren. Felles fjellturar i våre fine omgjevnader er også ein populær aktivitet.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. 

Kontaktinformasjon

Siri Beate Talseth-Frilund, Klinikksjef, +47 95023070

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4882012013

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
379469931
Sist endret
08. nov. 2024 10:20