Ledig stilling som pedagogisk leiar
- Arbeidsgiver
- Suldal kommune Vanvik oppvekstsenter, avd barnehage
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar
- Frist
- 21.11.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Om tenestestaden
Vanvik oppvekstsenter har ein lavvo plassert i fint skog- og leikeområde nær barnehagen, og har elles lett tilgang til fine turar i naturen. Det er kort avstand til både skog og strand.
Vanvik oppvekstsenter avd. barnehage har ledig 60% vikariat som pedagogisk leiar frå og med 01.01.25 til og med 31.05.25 med moglegheit til forlenga til nytt barnehageår.
Arbeidsoppgåver
Er du utdanna barnehagelærar og trivst med å jakta på dei små og store magiske stundene i lag med borna? Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet? Då er det deg me er på leit etter.
Jobben din vil blandt anna innebera:
- Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
- Møtedeltaking.
- Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
- Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
- Samarbeid med ulike instansar.
- Ansvar for vurdering og dokumentering.
Kvalifikasjonar
Pedagogisk leiar og barnehagelærar må ha utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er:
- Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
- Oppteknen av å søkje kunnskap i lag med barn.
- Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
- Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
- Tilstadevarande og fagleg interessert.
I tillegg ønskjer me at du har:
- Eit positivt menneskesyn
- evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
- evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
- Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
- Erfaring frå arbeid i barnehage.
- Gode norskkunnskapar.
Hos oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte kommunen via sentralbordet på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Vanvikvegen 1665, 4209 Vanvik
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
- FINN-kode
- 379471003
- Sist endret
- 08. nov. 2024 10:41