Helsefagarbeider - 26.29%
- Arbeidsgiver
- Heimebaserte tenester, Vinje kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider - 26.29%
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Heimetenesta i Rauland har ledig ei fast helgestilling på natt. Stillinga er på omsorgssenteret med arbeid kvar tredje helg. Du må rekne med at det også kan bli vakter ute i nattpatrulje ved fråver.
Me søkjer deg som er engasjert, blid, utadvendt, er glad i utvikling og likar å prøve ut nye måtar å løyse oppgåvene på. Hjå oss vil du jobbe saman med engasjerte kollegaer med ulik fagbakgrunn, som sjukepleierar, helsefagarbeiderar og pleiemedarbeiderar. Arbeidsplassen har fokus på fagutvikling, pasientsikkerheit og høg kvalitet på tenesta. Me er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt og er opptatt av å kjenne kvarandre, respektere kvarandre og skape gode relasjonar.
Velkomen som søkjar hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- Pleie og stell
- Sørge for at bebuerane opplever tryggleik, blir verdsett og behandla med respekt
- Vitale målingar og medisinhandtering
- Samarbeid med ulike fagpersonar
- Bidra til datasamling og funksjonsvurdering, for å sikre god oppfylging av den enkelte brukar i tråd med behov
- Vera kontaktperson for brukar og deira pårørande
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar - andre med relevant erfaring innan helse kan søkje.
- Søkjarar må ha førarkort klasse B. Du må ha køyreferdigheiter til å handtere fire årstider.
- Du må ha god kunnskap i norsk, skriftleg og munnleg minimum nivå B2.
- Lovkrav om politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar).
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å skape gode og trygge relasjonar
- Du har engasjement, humor og kreativitet
- Du er initiativrik
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig og systematisk
- Du har evne til å bidra prakstisk og fagleg i samarbeid med andre
- Du er interessert i eigen fagutvikling og likar nye utfordringar
- Du er ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast med nattarbeid
- Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hege Rorgemoen, Avdelingsleiar Rauland heimetenester, +47 48210156Arbeidsstad
Setali 63864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4876479031
Stillingsprosent: 26,29%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 24.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Setali 6, 3864 Rauland
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 379501323
- Sist endret
- 11. nov. 2024 07:10