Inaktiv

Sjukehusprest/diakon

Arbeidsgiver
Seksjon for klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukehusprest/diakon
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig 50% vikariat for sjukehusprest/sjukehusdiakon! Dette er eit vikariat frå 01.01.25 - 31.05.2025, med mogleg forlenging.

Preste – og samtaletenesta i Helse Møre og Romsdal er tilgjengeleg for å støtte pasientar, pårørande og tilsette, og møter menneske i kriser og krevjande livssituasjonar.

Arbeidsstad er for tida i Kristiansund, og det vil i løpet av 2025 bli gradvis flytting til det nye sjukehuset på Hjelset (SNR). Preste– og samtaletenesta har no fire stillingar fordelt på 3,4 årsverk i heile fylket. Stillingane er organisert i seksjon for Kliniske støttefunksjonar i Ålesund.

Du vil ha særskilt ansvar for Kristiansund sjukehus, Nordlandet distriktspsykiatriske senter og etter kvart SNR. Du vert ein del av Preste – og samtaletenesta og samarbeider tett med dei andre prestane i føretaket.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søkanden din.


Arbeidsoppgåver

  • Du har samtaler, undervisning og gruppetilbod til pasientar og pårørande
  • Du har vegleiing, refleksjon, undervisning og samtaler med tilsette
  • Du skal gjennomføre og utvikle ritualer
  • Du bidreg til faguvikling innan Preste– og samtaletenesta
  • Du deltek i beredskap utanfor ordinær arbeidstid

Kvalifikasjonar

  • Teologisk embetseksamen/master i teologi eller diakoni
  • Pastoralklinisk utdanning og annan relevant vidareutdanning er ein fordel
  • Utdanning og erfaring med undervisning og vegleiing
  • Brei kompetanse innan felt for tru– og livssyn
  • Erfaring frå samtalepraksis
  • Vigsla til prest/diakon i Den norske kyrkja eller tilsvarande innanfor anna kyrkjesamfunn

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, har gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevner
  • Du har evne til å tilpasse seg ulike situasjonar og behov hos pasientar og pårørande
  • Du er fleksibel

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Intern veiledning
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her. 

Kontaktinformasjon

Håvard Ervik, Sjukehusprest, 90128764, havard.ervik@helse-mr.no

Bente Marit Borhaug, Seksjonsleiar, +47 70 10 51 77

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4879627632

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Startdato: 01.01.2025

Sluttdato: 31.12.2025

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
379512449
Sist endret
11. nov. 2024 07:25