Lege i spesialisering, infeksjonsjukdommar

Arbeidsgiver
Medisinsk klinikk/ Seksjon for infeksjonssjukdommar, Helse Bergen
Stillingstittel
Lege i spesialisering infeksjonssjukdommar
Frist
01.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering i infeksjonssjukdommar (eller annan indremedisinsk spesialitet) frå mars 2025 eller etter avtale. Varigheit 1 år.

Seksjon for infeksjonssjukdommar diagnostiserar og behandlar pasientar med ulike infeksjonar. Seksjonen har to sengepostar med til saman 24 senger, inkludert ei overvakingseining. Seksjonen driv også ein ortopedisk infeksjonspost med 14 sengar i samarbeid med Ortopedisk avdeling. I poliklinikken utgjer oppfølging og behandling av kroniske virussjukdommar som HIV og viral hepatitt ein vesentleg del. Seksjonen har dessutan ei omfattande tilsyns- og rådgivingsverksemd. Nasjonal Kompetansetjeneste for tropiske infeksjonssjukdommar er fagleg og organisatorisk underlagd infeksjonsseksjonen. Saman med Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, har seksjonen ei stor forskingsverksemd, særskild innanfor alvorlege bakterielle infeksjonar, antimikrobiell resistens, tropesjukdommar og virale luftvegsinfeksjonar. Seksjon for infeksjonssjukdommar har i alt 10 årsverk for overlegar med hovudstilling på sjukhuset og fleire universitetstilsette i bistilling, samt 9 stillingar for legar i spesialisering.

Medisinsk klinikk har i tillegg til infeksjonssjukdommar einingar for blodsjukdommar, fordøyelsessjukdommar, nyresjukdommar og endokrinologi, til saman 68 senger. Avdelinga driv i tillegg stor poliklinikk samt ei eining for endoskopisk undersøking. Behandling av pasientar ber preg av øyeblikkeleg hjelp med stort press på sengene medan elektiv verksemd i hovudsak går føre seg på dageining, poliklinikk og på eining for endoskopisk undersøking.

Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr. Lov om helsepersonell §20a.


Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i Medisinsk klinikk sine ulike aktivitetar
  • Deltaking i forvaktsordning ved Medisinsk klinikk
  • Deltaking i Medisinsk klinikk og Infeksjonsseksjonen si undervisning for legar i utdanningsstillingar, for andre faggrupper og for legestudentar
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid og forsking

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 3-stilling i infeksjonssjukdommar
  • Søkar må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Infeksjonsmedisinsk og indremedisinsk erfaring blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter lege med interesse for indremedisin og infeksjonssjukdommar
  • Bør ha stor arbeidskapasitet og gode evner til arbeid med pasientar, ikkje minst dei som treng øyeblikkelig hjelp
  • Vedkommande bør vere godt motivert, fleksibel, ha gode samarbeidsevner, inkludert evne til å arbeide i tverrfaglege team

Vi tilbyr

  • Stimulerande arbeidsmiljø i ei aktiv seksjon i ei avdeling med høg fagkompetanse og sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking
  • Gode tilhøve for deltaking i forsking
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trond Bruun, Seksjonsoverlege, 55975657, trond.bruun@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4883112372

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.03.2025

Søknadsfrist: 01.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
379516556
Sist endret
11. nov. 2024 07:32