Inaktiv
Sjukepleiar i heimetenesta
- Arbeidsgiver
- Volda kommune, Heimeteneste
- Stillingstittel
- Sjukepleiar i heimetenesta
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Ambulerande heimetenester med base i Volda sentrum har eit ledig vikariat som autorisert sjukepleiar:
80 % med for tida todelt turnus med arbeid på dag og kveld, inkludert 3.kvar helg.
Ambulerande heimetenester yter tenester til heimebuande. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og du kjem inn i eit godt arbeidsmiljø med fagleg fokus og god kollegastøtte.
Ingeborg M.Håskjold, seksjonsleiar, +47 90 06 94 73, ingeborg.haskjold@volda.kommune.no
Vegar Batts, seksjonsleiar, +47 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no
6120 Folkestad
Referansenr.: 4883143130
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 04.01.2026
Søknadsfrist: 01.12.2024
80 % med for tida todelt turnus med arbeid på dag og kveld, inkludert 3.kvar helg.
Ambulerande heimetenester yter tenester til heimebuande. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og du kjem inn i eit godt arbeidsmiljø med fagleg fokus og god kollegastøtte.
Arbeidsoppgåver
Helse- og omsorgstenester til personar i private heimar. Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke pasientar. Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene.Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest
- Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose
- Kjennskap til journalsystemet Gerica og generelt gode datakunnskaper er ein fordel
- Søkjar må ha førerkort kl B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter medarbeidarar som er effektive og løysingsorienterte, har godt humør og gode kommunikasjonsevne. Den aktuelle må vere engasjert, trivst med å jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder. Er ein i tillegg endringsvillig og har variert praksis så er det eit pluss. Andre kriterier:
- God fagkompetanse og engasjement for fagleg utvikling
- Fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver
- Må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og kvardagsmeistring
- Er ansvarsbevisst og løysingsfokusert, fleksibel og liker utfordringar.
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!
- Ein arbeidsplass med fokus på heiltidskultur
- Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
- Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
- Mentorordning for nytilsette
- Tilgang til e-læringkurs frå NHI og Veilederen
- Fokus på relevant kompetanseutvikling.
- Fleksibel arbeidsplass med høve til jobbrotasjon
- Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
- Stillingskode 717400 sjukepleiar.
Kontaktinformasjon
Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.noIngeborg M.Håskjold, seksjonsleiar, +47 90 06 94 73, ingeborg.haskjold@volda.kommune.no
Vegar Batts, seksjonsleiar, +47 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Dalsfjordvegen 42356120 Folkestad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4883143130
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 04.01.2026
Søknadsfrist: 01.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalsfjordvegen 4235, 6120 Folkestad
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 379518819
- Sist endret
- 11. nov. 2024 07:30