100% fast stilling som helsefagarbeidar 

Arbeidsgiver
for tida ved Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du helsefagarbeider og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver? I Bremanger kommune, for tida Bremanger sjukeheim – er det ledig ei 100% fast helsefagarbeidarstilling.

Kvardagen hos oss er variert, der du lærer mykje på kort tid. Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3 avdelingar. Den eine avdelinga er spesielt tilrettelagt for demente, og ein har og eit lindrande rom.

Vi arbeider i for tida i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid –og fritida si.


Arbeidsoppgåver

Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.

  • Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjeld alder og medisinske behov.
  • Heilskapleg omsorg for eldre menneseker
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Moglegheit for å delta i ressursgruppe
  • Dokumentasjon, rettleiing, undervisning m.m.

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk aurorisasjon som helsefagarbeider
  • Like å arbeide i team
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.

Serviceinnstilling og personleg egenaheit vektleggast

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre.  Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaer!

Kontaktinformasjon

Evy Janne Berle, Driftssjef, +47 95982944

Arbeidsstad

Gamlevegen 59

6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune


Referansenr.: 4883068008

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Gamlevegen 59, 6729 Kalvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
379522510
Sist endret
11. nov. 2024 08:01