Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Hareid kommune, Bueining
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
22.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig stilling som helsefagarbeidar ved bueininga på Hareid sjukeheim. Stillinga er 100 prosent og fast.
 
Bueininga er ei av tre einingar ved Hareid Sjukeheim. Vi gir tilbod om langtidsplass til pasientar som har omfattande helseutfordringar og ikkje lenger kan bu heime. Bueininga har 16 plassar. Vi jobbar for å gi gode tenester til dei innbyggarane som treng det, og vi jobbar for gode arbeidsvilkår for tilsette. Dei tilsette har fagdag i turnusen sin, og får påverke eiga arbeidstid og fritid gjennom forhandling.

Arbeidsoppgåver

Du skal 

  • gi medisinsk og helsefagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
  • ha pleie- og omsorgsoppgåver
  • samarbeide tett med sjukepleiar, fysioterapeut, heimetenesta og dei andre sjukeheimseiningane
  • sikre at tenestene blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
  • rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og elevar
  • ha medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
  • bruke velferdsteknologi
  • delta i kvalitetsutvikling av tenesta

Kvalifikasjonar

  • autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande
  • god digital kompetanse
  • godt, norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivåB2)

Det er ønskeleg med relevant vidareutdanning.

Du må legge fram godkjend politiattest av ny dato før du startar i arbeide, samt gjennomgå smittevernkontroll.

Personlege eigenskapar

I sektor for velferd ønsker vi oss medarbeidarar som er pliktoppfyllande, engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause. Du har evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner og utøver dette til beste for pasient, pårørande og tilsette. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne. 

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Verdiar som stabilitet, god arbeidsmoral og det å vere ein god kollega og samarbeidspart er viktig for oss.

Vi tilbyr

  • ein triveleg arbeidsplass med tverrfagleg arbeidsfellesskap
  • spanande og faglege utfordringar
  • fagdag i arbeidsplan
  • tilgang til e-læring
  • forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
  • løn etter gjeldande avtalar

Kontaktinformasjon

Perdis Holstad, Einingsleiar, +47 90964007

Arbeidsstad

Teigevegen 55

6060 HAREID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune


Referansenr.: 4875925199

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
379644432
Sist endret
11. nov. 2024 07:47