Forskar (mellombels) ved Klinisk institutt 2
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Forskar (mellombels) ved Klinisk institutt 2
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar (mellombels) ved Klinisk institutt 2
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) i to år frå 1. august 2025. Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Mohn Research Center for Diabetes Precision Medicine». Prosjektet har ei førebels finansiering i to (2) år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Kvalitetssikre og organisere registerdata i tett samarbeid med senteradministratorane
- Gjennomføre proteomiske og metabolomiske analysar på prøver frå de norske diabetesregistera
- Samle og tolke multimodale data for pasientgruppering
- Delta aktivt i organiseringa av forskinga og samarbeidet ved Mohn Research Center for Diabetes Precision Medicine
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
- Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan:
- diabetes forsking
- forsking på norske register-/kohortdata
- prøvehandtering og prosessering via kjerneanlegg
- kartlegging av genetiske variantar og tolking av multiomics-data
- internasjonalt og tverrfagleg forskingssamarbeid
- studentveiledning
- Det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan
- prosjekt- og budsjettstyring
- god praksis for handtering av sensitive data
- dataskysystem
- Erfaring frå presisjonsmedisin forsking vil og bli tillagt stor vekt
- Søkjar må ha erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
- Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
- Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
- Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk, søkjar må kunne kommunisere på norsk og forstå registerdata på norsk
- Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
- Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan diabetes presisjonsmedisin
- Løn for tida kr 635 400 (kode 1109, lønssteg 65) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 657 300 (kode 1109, lønssteg 67), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
- Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
- Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
- Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
- Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
- Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
- Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
- Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: førsteamanuensis Marc Vaudel, e-mail: marc.vaudel@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 379989674
- Sist endret
- 11. nov. 2024 02:09