Helland barneskule og SFO

Arbeidsgiver
Vestnes kommune Helland barneskule SFO
Stillingstittel
Assistent – 85 % vikariat – Helland barneskule og SFO
Frist
28.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Stillingstype

Det er ledig 85 % vikariat som assistent ved Helland barneskule og SFO for perioden 01.01.2025-31.07.2025.

Det er ønskeleg at du har utdanning som barne- og undomsarbeidar, men andre søkjarar vil og bli vurdert.

Stillinga er knytt til arbeid både på skulen og SFO.  Ein må pårekne å kunne arbeide både før og etter skulestart, samt i ferieope tilbod.

 

Arbeidsoppgåver

-       bistå elevar i skule og SFO kvardagen

-       praktisk hjelp og tilrettelegging

-       bistå elevar som treng tett oppfølging grunna særskilte hjelpebehov

 

 Kvalifikasjonar

-       det er ønskeleg at du har utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, men andre søkjarar vil og bli vurdert.

-       erfaring frå arbeid med barn i grunnskulealder og SFO

-       kunne bidra til at eleven får god deltaking i skulekvardagen

-       beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2

-       ha god kommunikasjonsevne

-       digital kompetanse

-       det blir stilt krav om politiattest

-       personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.

 

 Personlege eigenskapar

-       fagleg engasjert

-       evne til relasjonsbygging

-       takle utfordrande situasjonar

-       konfliktførebyggjande og dempande- åtferd

-       er forutsigbar og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen

-       er stabil og fleksibel

-       har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

 

 Vi tilbyr

-       eit godt arvbeidsmiljø og dyktige kollegaer

-       ein arbeidsplass med fokus på utvikling

-       løn etter gjeldande regelverk

-       pensjon og forsikringsordningar etter tariffavtale

-       kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. 

Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

 Referansar

Oppgi referansar

 

 Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

 Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

 Søkjarlista kan bli offentliggjort


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen 2, 6390 Vestnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
380005184
Sist endret
11. nov. 2024 02:25