Kateket / Kyrkjelydspedagog

Arbeidsgiver
Sula sokn
Stillingstittel
Kateket / Kyrkjelydspedagog
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sula sokn har ledig stilling som kateket/kyrkjelydspedagog frå 15. februar 2025. Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med høgare utdanning, slik kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar krev. Alternativt søkjer vi etter ein medarbeidar med anna relevant utdanning og praksis som kan tenkje seg å gjennomføre ei vidareutdanning ved sidan av arbeidet for å kvalifisere som kateket. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for studiar. Det er mogleg å søkje stipend for gjennomføring av slik utdanning.

Kateketen har Sula sokn som tenesteområde og fast kontorarbeidsplass ved Sula kyrkjekontor saman med resten av staben. Kyrkjekontoret ligg i godt utstyrte moderne lokale i Sula rådhus i Langevåg. Kateketen er leiar for undervisningsarbeidet og koordinera trusopplæringsteamet vårt. Trusopplæringa i Sula er delt inn i tre hovud fasar: 0-3 år, 3-12 år og 12-18 år. Kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, prestane og kantor samarbeider om gjennomføringa av dei ulike tiltaka, men kvar fase har ein hovudansvarleg.

Det er to kyrkjer i soknet. Langevåg kyrkje, som ligg i tettstaden Langevåg, og Indre Sula kyrkje, ei nyare arbeidskyrkje på indre delen av kommunen. Det er ca. 10 km avstand mellom desse kyrkjene. Sula kommune er ei kommune i vekst og ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser. Her er vakker natur og av den grunn rikt høve til friluftsliv. I kommunen er det 4 kommunale og 5 private barnehagar, 3 barneskular og ein ungdomsskule.

Arbeidsoppgåver - Hovudoppgåver

Følgjande område er prioritert i undervisningsarbeidet:

  • Hovudansvar for konfirmantarbeidet
  • Koordinere trusopplæring for barn og unge
  • Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar
  • Samarbeid mellom kyrkje og barnehage/skule

Kvalifikasjonar

  • For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må kateketen ha førarkort og disponere bil.
  • Han/ho som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
  • Tilsetjinga skjer i samsvar med kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar, gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som har:

  • Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom
  • Erfaring frå og interesse for leirarbeid
  • Evne til samarbeid og teamtenking
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Administrativ erfaring
  • Erfaring frå informasjonsarbeid, bruk av nettsider og sosiale media
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har gode formidlingsevner til barn og ungdom
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • ei interessant og utfordrande stilling med moglegheit for vekst
  • varierte arbeidsoppgåver i trivelege omgjevnader
  • godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
  • løn etter gjeldande tariff i Den norske kyrkja

 

Anna:

  • Vi nytter intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.
  • For nærare opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Jan Erik Hovland på tlf. 90502658 eller konstituert dagleg leiar Monica Blom-Welle Eikrem tlf. 95860696
  • Alle søknadar med CV, vitnemål, attestar, og referansar må sendast elektronisk via www.kirkejobb.no innan 8. des. 2024.
  • Det vert kravd framlagt politiattest ved tilsetting.

Kontaktinformasjon

Monica Blom-Welle Eikrem, Konstituert dagleg leiar, 95712293

Jan Erik Hovland, Kyrkjeverje, 90502658

Arbeidssted

Sloghaugvegen 13

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sula sokn


Referansenr.: 4883810888

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.12.2024

Sektor
Privat
Sted
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
380018423
Sist endret
12. nov. 2024 06:44