Heimehjelp

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Heimehjelp
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I heimetenesta er me med på å sikre gode, heilskaplege og trygge tenester til pasientar og brukarar i deira eigen heim.

I takt med utviklinga i samfunnet aukar kompleksiteten og behov i heimane til innbyggarane vårt. Det gir ein unik mogelegheit til å bruke fagkompetanse og tileigne seg god erfaring. Oppgåvene du vert tildelt vert tilpassa erfaring og kompetanse. Me vareteke basale pleiebehov og utfører prosedyrar. Me følger opp pasientane i en stabil kvardag og me fangar opp akuttsituasjonar og endringar i tilstand.

Hos oss har me eit godt arbeidsmiljø der latteren sitt laust og me hjelper kvarandre.

No søkjer me nye kollegaer, og har ledig to vikariat:

  • 63,7% stilling 01.02.25 - 31.01.26
  • 63,7% stilling 01.12.24 - 30.11.25

Stillingane går i turnus, med arbeidstid dagtid i vekedagane, og helge og helgedagar i heimesjukepleia. Arbeid kvar 3. helg.


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk bistand, som reinhald og handling.
  • Utføre dagleg omsorg og pleie til brukarane i samsvar med din kompetanse og etter planlagde tiltak.
  • Følgje opp planlagde tiltak og målsetjingar for den enkelt brukar.
  • Utføre særlege oppgåver, til dømes legemiddelhandtering, etter opplæring og skriftlege prosedyrar.
  • Journalføring og medverke til utarbeiding/endring av pleieplanar.
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar med fagbrev som helsefagarbeidar vert føretrekt.
  • Førarkort kl. B. og disopnerer eigen bil.
  • Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er ønskeleg.
  • Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste!
  • Gode grunnleggjande datakunnskap.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Positiv, fleksibel og løysingsfokusert.
  • Fagleg engasjert, ansvarleg og har evne til etisk refleksjon.
  • Vere strukturert og god evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Evne til å takle utfordringar og finne gode løysingar.
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med kollegaer.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.

Me tilbyr

  • Arbeidstid på dagtid i vekedagane, og i to-delt turnus kvar 3. helg.
  • Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
  • Utfordrande, hektisk og lærerik arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
  • God opplæring og fokus på fagleg kvalitet.
  • Løn etter kommunalt regulativ.
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
  • Ein inkluderande arbeidsplass, med gode rutinar for oppfølging og tilgong til bedriftshelseteneste.

 

Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Kontaktinformasjon

Margrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95 70 95 13

Hilde Marie Flakke, 99 36 36 46

Arbeidssted



5685 Uggdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune


Referansenr.: 4880115763

Stillingsprosent: 63%

Fast

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
380039397
Sist endret
12. nov. 2024 08:32