Miljørettleiar ved Hjelle skule og SFO

Arbeidsgiver
Hjelle skule, Stad kommune
Stillingstittel
Miljørettleiar ved Hjelle skule og SFO
Frist
01.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stad kommune har ledig ei fast 100 % stilling som miljørettleiar ved Hjelle skule og SFO frå 01.01.2025. 

Hjelle skule er ein barneskule med 72 elevar, og det er 38 barn ved SFO. Skulen har eit godt og variert leikeområde ute, og gode inneareal til både arbeid og aktivitet. Skulen nyttar verktøyet PALS, og kollegiet arbeider jamt med å oppretthalde eit godt skulemiljø. Vi legg vekt på aktivitet i fellesskap, og elevane medverkar i arbeidet gjennom skulevenn-ordning og klasse-/elevrådsarbeid.

Som miljørettleiar hos oss vil du samarbeide med engasjerte lærarar, fagarbeidarar og assistentar. Du vil få oppgåver knytt til einskild elev og elevgrupper, og du vil møte situasjonar som utfordrar deg kreativt og fagleg. Vi vil ha eit miljø der både små og store kan lære og vekse på sin måte. I kollegiet deler vi erfaringar og kjem fram med idear og nye tankar. Vi set pris på ulikskap, og lærer av og med kvarandre. Om du ynskjer å arbeide i eit miljø prega av gjensidig tillit, omsorg og respekt er Hjelle skule staden for deg.

Meir informasjon om skulen finn du her.


Arbeidsoppgåver

  • Støtte elev både fagleg og sosialt
  • Bruke kommunikasjonsverktøy som støtte til tale
  • Legge til rette for aktivitet og leik både i skule og SFO
  • Samarbeide med lærar og spesialpedagog om opplæringa
  • I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Du kan lese meir om den her. Det vert forventa at alle som
    jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne
    samhandlingsmodellen. 

Kvalifikasjonar

  • Sosionom-utdanning eller anna relevant 3-årig høgskuleutdanning innanfor pedagogikk, psykisk helse eller sosialfag. Aktuell utdanning kan vere barnehagelærar, barnevernspedagog og vernepleiar. 
  • Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn, har god relasjonskompetanse og evne til å skape trygge og føreseielege dagar.   
  • Erfaring frå arbeid i grunnskule og SFO er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Har vilje og evne til tett samarbeid omkring einskilde barn og barnegrupper
  • Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og systematisk
  • Evner å vise omsorg, skape tryggleik og bygge gode relasjonar til barn og grupper
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Bidrar til eit stabilt og godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til fagleg utvikling

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir referanse av ny dato. 

Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest  av nyare dato.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillinga, kan du ta direkte kontakt med:
Hjelle skule v/rektor Anne Bakke, e-post: anne.langedal.bakke@stad.kommune.no, telefon: 99 61 05 67

Kontaktinformasjon

Anne Langedal Bakke, Rektor Hjelle skule, 996 10 567, anne.langedal.bakke@stad.kommune.no

Arbeidsstad



6774 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 4879551944

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
6774 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid, Annet
FINN-kode
380136238
Sist endret
12. nov. 2024 09:40