Inaktiv

Fagarbeidar

Arbeidsgiver
Veg og park, Volda kommune, Samfunnsutvikling
Stillingstittel
Fagarbeidar
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I avdeling Veg og Park i Volda kommune er vi stolte av ein organisasjon som er prega av åpenheit, utvikling og samhald. Vi legg vekt på at du skal trivast og oppleve oss som både spanande, trygge og utfordrande i din kvardag. Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, parkar, veglys, hamner, kyrkjegardar, kaier og ute-områder. 

Arbeidsoppgåver

  • Hovudarbeidsområdet er innanfor veg og anlegg, samt aktivitet avdelinga har ansvar for.
  • Drift av vegar, kaier, veglys og utanomhusområder er hovudoppgåver lagt til stillinga.
  • Avdelinga har eit breidt ansvar og fagområde, der også vintervedlikehald er ein del av oppgåvene.
  • Vi nyttar it-system for oversikt, tildeling og gjennomføring av arbeidsoppgåver.
  • Avdelinga yter tenester til alle innbyggarar i kommunen og er med på å gjere kvardagen for oss betre.
  • Stillinga tek del i beredskap og brøytevakt.

Kvalifikasjonar

  • Primært ønskjer vi søkjarar med fagbrev, men god og relevant erfaring med tilsvarande arbeid vil vere med å vege opp.
  • Førarkort klasse BE, C og for anleggsmaskiner er naudsynt.
  • Erfaring med ulike anleggsmaskiner vert vektlagt. 
  • Språkkunnskap (Norsk) er naudsynt.

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, har stor arbeidskapasitet, humor og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i vårt fellesskapet.
  • Har gode samarbeidsevner og går godt overeins med andre. 
  • Er sjølvstendig i arbeidet.
  • Erfaring med å møte menneske i ulike situasjonar er viktig for oss og vert vektlagt i vår vurdering. 
  • Vi oppmodar både kvinner og menn som er kvalifiserte til å søkje på stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar og kort veg mellom medarbeidar og leiar. 
  • Moderne og oppdatert maskinpark. Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk. 
  • God offentleg pensjonsordning i KLP.
  • Tilsetjing snarast råd.

Kontaktinformasjon

Ronny Rotevatn, Seksjonsleiar veg og park, 97721957, ronny.rotevatn@volda.kommune.no

Edvin Løfoll, Avdelingsleiar veg/park, +47 91 85 25 43, edvin.lofoll@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Rotsetstranda 18

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4881436105

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Rotsetstranda 18, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Annet, Håndverker, Maskinfører og -operatør
FINN-kode
380140517
Sist endret
12. nov. 2024 10:37