Helsefagarbeidar
- Arbeidsgiver
- Toloheimen langtidsavdeling (gruppe 3 og Firkløveren)
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Frist
- 25.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønskjer du å gjera ein forskjell i demensomsorga?
Me har ledig 80 % fast stilling som for tida er knytt til turnus med arbeid på dag og kveld, samt helg.
- Toloheimen demensavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert i Norheimsund
- Me arbeidar for at dei som bur i avdelinga skal ha ein trygg heim og ein verdig alderdom, med kompetente tilsette som har pasienten i fokus
- Dei tilsette hos oss er opptatt av god kommunikasjon med brukarane og me søkjer difor etter deg med gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar
Arbeidsoppgåver
- Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutiner og prosedyrer
- Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstende
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Dagleg journalføring i Gerica
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Er du nyutdanna eller lærling i helsefag siste lærehalvår vert du oppmoda om å søkja
- Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team
- Du ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg tilsvarande B2
- Gode kommunikasjonsevner
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Kan formidla empati, visa respekt og omsorg
- Du er rolig og positiv
- Interesse for fagfeltet geriatri
- Tålmodig og god på samarbeid
- Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Du får arbeida med erfarne og kjekke kollegaer
- Ein arbeidsstad i utvikling. Me utforskar stadig nye måtar å løyse oppgåver/oppgåvedeling
- Demensomsorg på eit høgt nivå
- Individuelt tilpassa turnusar så langt drifta tillet det
- Du får delta på relevante kurs og møter
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317Anne Berit Torsvik, Gruppeleiar langtidsavdeling for personar med demens, +47 993 49 586
Arbeidsstad
Nedre Norheim 445600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4882606161
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 25.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 380144423
- Sist endret
- 12. nov. 2024 10:55