Off. godkjent helsefagarbeidar
- Arbeidsgiver
- Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
- Stillingstittel
- Off. godkjent helsefagarbeidar Hagestova
- Frist
- 30.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ørsta kommune er godt igong med å planlegge framtidas omsorgsbehov dei komande åra og jobbar etter heilskapleg innsatstrapp. Vi er stolte av å vere ei heiltidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året.
Vi håpar at du har lyst til å bidra saman med oss og resten av laget vårt. For å lukkast i vår kultur, er det viktig at du er pådrivar for t.d. heilskapleg innsatstrapp, årsplanlegging/årsturnus, oppgåvedeling, kvalitetsstandard m.m.
Vi har no ledig 80% stillinga for helsefagarbeidar. Stillinga er p.t. på dagtid ved dagavdelinga Hagestova lokalisert til Ørstaheimen og er organisert under avd. Bakketun som er spesialavdeling for demente. Det er eit dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens og/eller kognitiv svikt.
Dagavdelinga gir eit tilbod til inntil 10 pasientar på dagtid, 5 dagar pr. veke. Hovudfokus er aktivitetar der mykje er basert på trim, song/musikk, kortare - og lengre turar i nærområdet, samt frukost og middagssamlingar. Vi ynskjer deg som er fagleg dyktig, gjerne med vidareutdanning i demens og som har erfaring, engasjement og interesse for arbeid med personar med demens og og som vil vere med å vidareutvikle demensomsorga. Vi ynskjer at du tek aktivt del i det sosiale arbeidet og at du likar å kommunisere og vere med å skape trivsel og tryggheit for brukarane av dagavdelinga.
Vi har fokus på gode arbeidsmiljø og behalde tilsette.
Vi ser verkeleg fram til å få akkurat deg med på laget! Saman kan vi skape ein fantastisk arbeidsplass. Velkomen til oss!
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge, tilrettelegge og gjennomføre daglege aktivitetar
- Aktivitetar
- Kvardagsmestring
- Pårørandesamarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter off. godkjent helsefagarbeidar og som har engasjement og interesse for å jobbe i demensomsorga
- Gjerne releant vidareutdanning eller erfaring frå arbeid med mennesker med demens sjukdom.
- gode IKT kunnskaper
- Det vert stillt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at
- du tek aktiv del i det sosiale arbeidet
- du er tolmodig
- du likar å kommunisere og vere med å skape trivsel og tryggleik i eit aktivt og sosialt miljø
- du har interesse og kunnskap om demenssjukdommar og miljøterapi i demens omsorga
- du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- du har evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- du er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- du er glad i å vere i fysisk aktivitet både inne og ute
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsvilkår: Dagtid
Stillinga er plassert i HTA kap. 4GR 1.2 Fagarbeidarstilling
Stillingskode: 7174 helsefagarbeidar
Tilsetting i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader.
Søkjarane vert vurderte ut frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, erfaring frå relevant arbeid og personlege eigenskapar
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Referansar vert nytta.
Vi ønskjer mangfald og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetjing.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltidstilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Arja Hietanen, Avdelingsleiar Bakketun og Hagestova, 481 23 801, arja.hietanen@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4878130638
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 380155652
- Sist endret
- 12. nov. 2024 12:47