Lærar i helse- og oppvekstfag - Helsearbeiderfag

Arbeidsgiver
FLO - FLORA VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i helse- og oppvekstfag - Helsearbeiderfag
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag.
Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 520 ungdommar og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. 

Fra 01.03.2024 har vi ledig eit 12 månaders vikariat innan helse- og oppvekstfag - helsearbeiderfag.
Søknadsfrist 24.11.2024


Arbeidsoppgåver

Undervisning i aktuelle programfag etter kompetanse og behov på VG1 Helse- og oppvekstfag og
helsearbeiderfag for vaksne. Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver.

Kvalifikasjonar

Du som vert tilsett må ha undervisningskompetanse i aktuelle helsefag, og kunne leggje fram politiattest
av nyare dato.

Sidan ein del av stillinga vil omfatte rettleiing og oppfølging av elevar i yrkespraksis, vil kjennskap til oppdatert, relevant praksis i praksisfelt vektleggjast.

Det er ønskjeleg med undervisningserfaring og erfaring med realkompetansevurdering.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer deg som er oppteken av faga dine, likar å arbeide med ungdom og som er ein god rollemodell.
Du må vere oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som tydeleg og
inkluderande. 
Som lærar må du vere bevisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til
rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.


Som lærar innan eit yrkesfag er det viktig å sjå utdanninga som primært ei førebuing til lære. Det er derfor viktig at du har ny oppdatert praksis.

Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga både sjølvstendig og i
samarbeid med andre. Du må vere reflektert både sjølv, og i lag med andre og vere motivert for å bidra til
både eiga og andre si endring og utvikling.

Vi tilbyr

Løn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.

Søknadsfrist 24.11.2024.
For meir informasjon om stillinga kantakt avdelingsleiar Ole Hartvik Hennøy tlf 918 72 726 eller kst.rektor Lars Anders Nybu tlf 41 53 06 04 

Kontaktinformasjon

Lars Anders Nybu, Rektor ( vikariat)

Arbeidsstad

Professor Gjeldsviksv 22

6900 FLORØ

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4884446374

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.03.2025

Sluttdato: 01.03.2026

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
380172034
Sist endret
12. nov. 2024 01:44