100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver
f.t. ved Hamretunet, Open omsorg indre, Bremanger kommune
Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Bremanger kommune, for tida ved tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne avd. Hamretunet i Open omsorg indre, er det ledig ei 100% fast stilling som vernepleiar. Vi arbeider i årsturnus kor ein kan ynskje seg m.a. langvakter. Medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid -og fritida si.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter deg som er utdanna vernepleiar, sjukepleiar eller andre med minimum bachelorutdanning innan helse og/eller sosialfag
  • Like å arbeide i team
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
  • Du har førerkort kl. B.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Arbeidet inneheld også å rettleie, hjelpe til i pleie – og til ivareta dei daglege funksjonane til brukarane. Sidan miljøarbeid er ein viktig del av arbeidet, er det viktig at du likar å vere aktiv og engasjerar deg i arbeidet med brukarane.
Serviceinnstilling og personleg egnaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje.
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid.
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå         arbeidsgivar.
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf lokal avtale.
  • Senioravtale for tilsette over 62 år.  Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid.  Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet.
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass.
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse.
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg.      

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310

Arbeidsstad

Svelgen Panorama 1

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune


Referansenr.: 4884316640

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Svelgen Panorama 1, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
380182708
Sist endret
12. nov. 2024 02:18