Politifagleg etterforskningsleiar innan organisert kriminalitet
- Arbeidsgiver
- FEE-Avsnitt for etterforskning av organisert kriminalitet, Vest politidistrikt
- Stillingstittel
- Politioverbetjent - funksjon som etterforskningsleder
- Frist
- 27.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Seksjon for organisert kriminalitet består av tre avsnitt, Avsnitt for etterforsking av organisert kriminalitet, Avsnitt for etterforsking av menneskehandel og Avsnitt for metodebruk. Seksjonen er organisert ved Felles eining for etterretning og etterforsking og har som funksjon å bistå med spisskompetanse i høgt prioriterte saker i heile politidistriktet. Ein må difor rekne med noko reiseverksemd i heile distriktet.
Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet består av ein gjeng med særs dedikerte medarbeidere. Seksjonen forvaltar bruk av skjulte etterforskingsmetodar i Vest politidistrikt. Vi legg stor vekt på å verne om korleis våre metodar vert brukt og vi ser nå etter ein kollega med høg grad av integritet som kan vere ein ressurs i leiinga av etterforskingsprosjektar i distriktet kor bruk av skjulte etterforskingsmetodar nyttast og som vil bidra aktivt i etterretningsarbeidet og i kunnskapsbyggjing innen organisert kriminalitet.
Arbeidsoppgåver
- Saksansvarleg og etterforskingsleiing i saker som er nemnd i lokal straffesaksinnstrks (pkt. 3.5.1 - organisert kriminalitet)
- Lede etterforskninger i skjult og åpen fase, og tidvis kunne bidra i E-KO
- Saman med påtaleansvarleg prioritere etterforskingsskritt i straffesaker i tråd med hypoteser og bevistema og utarbeide etterforskningsplan
- Sørgje for at relevant spesialistkompetanse vert kobla på etterforskinga ved behov
- Bidra til god kvalitet og resultatoppnåing i eigne seksjon
- Yte fagleg rettleiing og bidra til systematisk erfaringslæring innan fagområdet
- Yte råd og veildedning til dei geografiske driftseiningane i konkrete saker som ein ikkje har saksansvaret for, særleg i saker med bruk av skjulte metoder.
- Må rekne med å gje undervisning og opplæring, samt halde foredrag både internt og eksternt innan fagfeltet
- Sørge for god kommunikasjon internt og eksternt
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig
- Vitnemål frå Politiskule/Politihøgskulen
- Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
- Må kunne klarerast for HEMMELEG
- Erfaring innan etterforsking og etterforskningsleiing
- God munnleg og skriftlege framføring på norsk og engelsk
- Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41
Ønskjelege
- Brei politifagleg erfaring er ønskeleg
- Erfaring med bruk av skjulte etterforskingsmetoder er ein fordel
- Videreutdanning innen skjulte etterforskingsmetoder og forebygging av organisert kriminalitet er ønskeleg
- Videreutdanning innen etterforskingsleiing er ønskeleg
- Videreutdanningen Introduksjon i etterretningsfaget er ønskeleg
- God IT-og systemkunnskap, og erfaring med bruk av prosjektstyring i Indicia
- God kunnskap og aktuelt lov- og avtaleverk
Personlege eigenskapar
- Nysgjerrig og resultatorientert med evne til å ta avgjerdar, ha god gjennomføringsevne og ha mot til å stå for eigne og overordna avgjerdar
- Kunne jobbe under høyt press med evne til å fatte gode beslutninger og motivere medarbeidarar
- Evne til å arbeide sjøslstendig, systematisk og i team
- Gode leiareigenskapar med evne til å motivere medarbeidarane, setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
- Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap og forstå eininga si rolle i samfunndsoppdraget tilpolitiet
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stilling som politioverbejent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (stillingskode 0287), vert lønna frå ltr 75/ 759.100. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Torbjørn Mørk, Seksjonsleiar, 41492601Ørjan Teigenes, Avsnittsleiar, 97462227
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4840588875
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Annet, Saksbehandler, Ledelse
- FINN-kode
- 380184237
- Sist endret
- 13. nov. 2024 07:11