Styrar i Fyresdal barnehage

Arbeidsgiver
Kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
Stillingstittel
Styrar i Fyresdal barnehage
Frist
01.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

Fyresdal barnehage søker ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg barnehagestyrar. 

Barnehagen er inne i eit prosjektløp med Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, trygt og godt barnehagemiljø og eit overordna oppvekstarbeid.


Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk, personal- og administrativ leiing
  • Utvikling og kvalitetssikring av det pedagogiske tilbodet
  • Førebygging og tidleg innsats
  • Tilrettelegge for god struktur og informasjonsflyt
  • Vere ein aktiv kollega i kommunale og interkommunale samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Barnehagelærar eller tilsvarande høgskuleutdanning
  • Styrar-/leiarutdanning og/eller dokumentert leiarerfaring er ein fordel
  • Fagleg oppdatert på barnehageområdet
  • Rettleiingskompetanse kan vere ein fordel
  • God økonomisk forståing og budsjettstyring
  • Høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Evne til å jobbe strukturert og systematisk
  • God kommunikasjons- og samhandlingsevne
  • Vere ein synleg og tydeleg leiar
  • Kompetanse i bruk av ulike digitale verktøy og evne til å lære nye system
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Som leiar evnar du å inspirere, motivere og utvikle tilsette til å levere gode opplevingar og resultat.
  • Du er tydeleg og har ein naturleg autoritet, og skapar positivt engasjement og driv i dine omgjevnadar.
  • Kulturbygging er viktig, og du evnar å få eit sterkt fagmiljø med deg.
  • Din relasjonelle kompetanse er høg og blir bruka aktivt for å skape konstruktive samarbeid og løysingar med kollegaer, barn, foreldre/føresette, samt andre faglege instansar.
  • Du har faglege ambisjonar og hjarte for det du driv med - arbeide med og for barn.
  • Å bry seg, skape tillit og få folk med seg er ein viktig eigenskap.
  • Eit kontinuerleg fokus på utvikling av eit inkluderande arbeidsmiljø og barnehagemiljø med stolte medarbeidarar er avgjerande for utvikling og utøving av god barnehagedrift med rett kvalitet.

Vi tilbyr

  • Ei inkluderande leiargruppe
  • Leiaroppfølging
  • Godt regionalt samarbeid
  • Rask behandling av barnehage- og SFO-plass
  • Ein allsidig og spanande kvardag med mange ulike og varierte arbeidsoppgåver
  • Ein fin barnehage som blei ombygd og renovert i 2016 og ligg nært til Hamaren Aktivitetspark, skule, helsehus, bibliotek, idrettshall og symjehall

Den som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringsloven § 10-9.

Kontaktinformasjon

Liv Johre Bakke, Kommunalsjef kultur og oppvekst, +47 97760221

Arbeidssted

Landstadvegen 30

3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune


Referansenr.: 4882753244

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Landstadvegen 30, 3870 Fyresdal
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
380189497
Sist endret
13. nov. 2024 06:37