Har du lyst å bli vår nye lærling ?

Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Administrasjon
Stillingstittel
Lærlingar 2025
Frist
10.02.2025
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Hjelmeland kommune har frå hausten ledige plasser for nye lærlingar innan følgjande retningar:

- Helsearbeidarfaget
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget 
- Institusjonskokkfaget
- Byggdriftarfaget

Me ønskjer at du 
som har avslutta VK1 eller VK2 i eit av faga over i år, og er interessert i ein læreplass i Hjelmeland kommune, søkjer. Hjelmeland kommune samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon sjå www.rytopp.no

Anna
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med tilknyting til Hjelmeland og som er rettigheitselevar vert prioriterte. Det vert lagt vekt på; orden, fråvær, motivasjon, personlege eigenskapar, samt karakterar. Husk å leggja ved kopi av vitnemål/terminkarakter frå VK1, VK2 og kopi av eventuelle attester frå andre.

Du må ha bestått språkopplæring på nivå B2, og det er ein fordel med førarkort.
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktene som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Vågaveien 116, 4130 Hjelmeland
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
380271428
Sist endret
13. nov. 2024 07:31