Inaktiv

2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal
Frist
02.12.2024

Beskrivelse

2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal
Tannhelsetenesta/Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi har to 100% stillingar ledige som tannlege ved distriktstannklinikken Surnadal: Ei fast stilling og eit vikariat i tidsrommet februar 2025 - mars 2026.

Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.

Stillingane er ledig for tiltreding etter avtale med overtannlege. 

Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. https://www.fjordnorway.com/no/attraksjoner/surnadal


Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. 


Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som tannlege. 
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg  
  • Den som blir tilsett må levere politiattest. 
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit. 
 Personlege eigenskapar
  • Trivst med å jobbe med og for menneske 
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig 
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert 
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø 
Vi tilbyr
  • Ein god jobb der du kan utvikle deg 
  • Lønn etter avtale
  • Oppdatert og fin tannklinikk 
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse 
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø 
  • Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer 
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg 
  • Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) 
  • Etablerings- og stabiliseringstilskot
  • Flyttetilskot 

Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

For mer informasjon og for å søke på stillingen klikk på "Søk på stilling" knappen på denne siden.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
6650 Surnadal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Annet
FINN-kode
380273216
Sist endret
13. nov. 2024 07:16