Inaktiv

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent – 2x100% og 1x89%vikariat

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent – 2x100% og 1x89%vikariat
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Ved Knarvik ungdomsskule er det i perioden 01.01.2025 – 31.07.2025 ledig 3 stillingar som pedagogisk medarbeidar/fagarbeidar. 

Skulen har også bruk for ringevikarar som kan tiltre på kort varsel. 

Knarvik ungdomsskule ligg sentralt plassert i Knarvik sentrum. Skulen har om lag 400 elevar og 50 tilsette og er den største ungdomsskulen i Alver kommune. Skulen er ein MOT skule.


Arbeidsoppgåver

Stillingane vil ha som hovudoppgåve å følgja opp elevar med særskilde behov, både i skulearbeid, i friminutt og før/etter skuletid. Dei tilsette skal hjelpa elevar med å få ei god sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samspel og leik. De skal rettleia elevar til å ta ansvar for sine eigne liv og vere ein god rollemodell for ungdomen. Nokre helsefaglege oppgåver må påreknast. Det er også knytt tilsynsoppgåve i skulefrie periodar til stillinga. 


Kvalifikasjonskrav

Kompetanse 
Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men relevant erfaring vil kunne kompensere for manglande formell utdanning.

Ønskt kompetanse 
Vi ønskjer medarbeidarar som kan vere den trygge vaksne som toler og rommar eleven si åtferd, og som evnar å sjå heile ungdomen bak. Dei som vert tilsett må kunne visa sjølvstende, vera løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne. 

 

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.


Vi tilbyr

Ein dynamisk arbeidsplass med dyktige og rause medarbeidarar, og flott og ivrig ungdom. Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. God pensjonsordning i KLP. 


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
380276932
Sist endret
13. nov. 2024 08:05