Ringevikar ved skule, SFO og barnehage
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Brekke barnehage og skule. Ringevikar ved skule, SFO og barnehage
- Frist
- 30.11.2024
Beskrivelse
Ynskjer du å vere ringevikar ved Brekke barnehage og skule, avdeling skule, SFO og barnehage?
Brekke barnehage og skule har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar i ved eininga. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei sliste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter.
Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart.
Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein enkel søknad ved å gå inn på på "søk her", eller ta kontakt direkte med einingsleiar/kontaktperson i annonsen.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk og pedagogisk arbeid med born, individuelt og i grupper
- Vise omsorg for kvart enkelt born
- Ta initiativ til og delta aktivt i borna sine aktivitetar og leik
- Bidra til eit godt samarbeid på avdelinga
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Ha interesse for born og borna si utvikling
- Må vere tydeleg, og ta initiativ til å bygge gode relasjonar
- Kunne gjennomføre og følge opp aktivitetar med born både inne og ute
- Ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Yndesdalsvegen 2719, 5961 Brekke
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
- FINN-kode
- 380276954
- Sist endret
- 13. nov. 2024 08:33