Førstelektor i informasjonsvitskap

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førstelektor i informasjonsvitskap
Frist
15.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Om stillinga:

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som førstelektor i informasjonsvitskap frå 01.06.25 til 31.05.27.

Instituttet tilbyr bachelor- og masterprogram i medievitskap og i informasjonsvitskap, tre produksjonsorienterte bachelorprogram innan Journalistikk, Medie- og interaksjonsdesign, og Film og TV-produksjon, og deltar i tillegg i dei tverrfakultære programma ITØK, Geofag og Informatikk.

For meir informasjon om instituttet, forskingsaktivitetar og utdanningstilbod viser vi til www.uib.no/infomedia. 


Arbeidsoppgåver:

Stillingane er i hovudsak tillagt undervisning og innretta mot områda informasjonsvitskap (inklusiv kunstig intelligens) med følgjande hovudoppgåver: 

  • Emneansvar og undervisning i følgande emnar ‘(Det kan også vere aktuelt med undervisning på andre emne):
    • INFO125 Datahandtering 
    • INFO110 Informasjonssystem 
    • MIX114 Webutvikling
    • DIGI114, DIGI115 eller DIGI117 
  • Arbeid med etter- og vidareutdanningstilbod i DIGI
  • Rettleiingsoppgåver på bachelor- og masternivå i Informasjonsvitskap og media -og interaksjonsdesign

Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid).


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett må: 

  • ha doktorgrad innan informasjonsvitskap eller tilsvarande kompetanse (eller ha levert doktoravhandling før stillingstart)
  • ha undervisningserfaring frå laveregrads emnar i informasjonsvitskap eller informatikk
  • kunne undervise både på norsk og engelsk 
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner 
  • ha pedagogisk basisutdanning. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. 

Vi tilbyr:
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning 
  • Årsløn for førstelektor er NOK 720 100 – 759 100 (kode 1198), tilsvarande ltr. 72-75. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. 
  • Gode trenings- og velferdstilbod 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Følgjebrev 
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid) 
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar 
  • Fullstendig publikasjonsliste 
  • Inntil fem vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, inklusiv eventuell doktoravhandling. 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. 

På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Tilsetjing går føre seg på grunnlag av innstilling frå ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og prøving av undervisningskompetanse. 

Søknaden skal merkast: 24/14234

Søknadsfrist er 15. januar 2024


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Marija Slavkovik: marija.slavkovik@uib.no. 

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til Rådgiver Pernille Hole, e-post: pernille.hole@uib.no. 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
postboks 7802, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
380278980
Sist endret
13. nov. 2024 10:03