Applikasjonsforvalter

Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Stillingstittel
Applikasjonsforvalter
Frist
27.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du glimt i auga, teknologi i hovudet og kunden i hjartet?

Digdir er regjeringas fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit stort fagleg mangfold som gir rom for personleg utvikling og vekst, og vi jobbar utforskande med moderne teknologiar og metodar.  Saman med oss kan du få til meir enn du trur!

I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og forvaltning av nasjonale fellesløysingar, som mellom anna ID-porten, digital postkasse og eInnsyn.

Hos oss får du jobbe med den daglege forvaltninga av samfunnskritiske fellesløysingar og oppfølging av over 1800 offentlege kundar og deira leverandørar. Dette er verksemder som mellom anna Skatteetaten, Nav, Statens Lånekasse, Helsedirektoratet og kommunar.

No ser vi etter to nye kollegaer med både kunnskap og interesse for teknologi, som vil bidra til vidare utvikling av løysingane våre og følge opp ny eog eksisterande kundar.


Aktuelle oppgåver
  • Følge opp kundar og leverandørar i servicedesken vår
  • Integrasjon av tenester i fellesløysingar som blant anna ID-porten, eInnsyn, eFormidling
  • Feilsøking, analyse og applikasjonsforvaltning
  • Utarbeide og vedlikehalde teknisk dokumentasjon og prosessar
  • Ivareta kundeperspektivet inn mot utviklingsteama våre
  • Videreutvikle støtteverktøy som Grafana, Dynamics CRM, Statuspage, Docs og PowerBI 
  • Prosjektarbeid

Oppgåvene blir tilpassa den aktuelle kandidaten etter kvalifikasjonar og erfaringar


Om deg

Vi ser etter deg som er omgjengeleg, engasjert og utadvendt, og som ynskjer å bidra til ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi er framoverlente, nysgjerrig på ny teknologi og serviceorienterte. Det ynskjer vi at du også er.

Vi søker spesielt deg som har kunnskap og erfaring innan for eitt eller fleire emne:

  • Monitorering/overvåkning
  • Database
  • Statistikk og datakvalitet
  • Språkmodell/chatbot
  • Sikkerheit
  • ITIL-rammeverket.

Kven er du?
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
  • er omgjengeleg, sosial og løysingsorientert
  • er nysgjerrig og utforskande innan teknologi, og evnar å sjå korleis den kan nyttast i våre løysingar
  • trivast med å jobbe både sjølvstendig og i team
  • har IT-fagleg utdanning, gjerne innan IT-drift, systemutvikling, informatikk eller informasjonsteknologi. Lengre relevant erfaring eller sertifiseringar innan faget kankompensere for manglande utdanning

Vi tilbyr deg
  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving
  • løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar etter avtale
  • arbeidsstad i våre lokalar på Leikanger med moglegheit for heimekontor inntil 2 dagar i veka
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar 
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar med f.eks opning for to timar trening i veka i arbeidstida 

Les meir om  å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. 


Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Seksjonssjef Marianne Strypet 
E-post: marianne.strypet@digdir.no
Telefon: 97522720

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå HKdir. Tidligare NOKUT

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell), Rådgivning, IT drift og vedlikehold / Drift/Operations
FINN-kode
380281388
Sist endret
14. nov. 2024 09:11