SFO leiar - vikariat
- Arbeidsgiver
- Meling skule, Bømlo kommune
- Stillingstittel
- SFO leiar - vikariat
- Frist
- 26.11.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Meling skule har ledig eit års-vikariat som SFO-leiar i 50 % stilling. Det er ynskjeleg med tiltreding 2. januar 2025.
Arbeidstida blir fordelt på kvar ettermiddag frå kl. 13:00 - 15:30/16:00 i tillegg til administrasjonstid i skulen sin undervisningstid. Som SFO-leiar jobbe du tett saman med avdelingsleiar og rektor.
Me ser etter deg som er engasjert i barns oppvekst og som vil sørge for eit variert og godt innhald i skulefritidsordninga.
Meling skule har 191 flotte elevar i eit inkluderande læringsmiljø saman med 35 tilsette. På SFO er det pr. i dag 90 elevar og 12 tilsette.
Arbeidsoppgåver
SFO-leiar skal leia det pedagogiske arbeidet på SFO i tråd med kommunen si satsning etter Rammeplan for SFO og LK2020.
Ein har ansvar for å følge opp elevar, ha kontakt med føresette, samt dagleg oppfølging og retteleiing av miljøarbeidarar/fagarbeidarar.
Bidra til å skape eit trygt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg at du har pedagogisk høgskuleutdanning (bachelor). Det er ein fordel at du har barnehagelærarutdanning eller bachelor i skolefritidspedagogikk.
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk.
- God IKT-kompetanse. Kjennskap til Vigilo er ein fordel.
- Leiarerfaring er ynskjeleg.
Personlege eigenskapar
Som SFO-leiar er du engasjert og tydeleg. Du vektlegg samarbeid og er løysingsorientert i di tilnærming. I tillegg har du gode relasjons- og kommunikasjonsevner, er raus, tåler stress og har godt humør.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk eller Løn etter avtale (gjeld primært leiarstillingar)
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Katrine Hausberg.
Kontaktinformasjon
Katrine Hausberg, 958 35 391Arbeidsstad
Melingsheio 205430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4883904973
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 02.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 26.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Melingsheio 20, 5430 Bremnes
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 380294048
- Sist endret
- 13. nov. 2024 10:27