Helsefagarbeidar, 100% fast - arbeid kvar 4. helg
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Sone BBD. Tilsetjing helsefagarbeidar, 100% fast (Dalsøyra)
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå 01.12.2024/etter avtale. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra og har dag/aften-vakter i vekedagane og langvakter på helg med arbeid kvar 4. helg.
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbiedarane.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing.
- Førarkort klasse B
- gyldig politiattest
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
- Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
- Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering husten 2024.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Gulafjordvegen 1519, 5960 Dalsøyra
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 380315454
- Sist endret
- 13. nov. 2024 12:40